Hopp til innhold

Forskar meiner lærarar i ungdomsskulen må lese for elevane

Lærarane kuttar i høgtlesing dess eldre elevane blir. Fleire av dei saknar det på ungdomsskulen.

Elevar på Stord ungdomsskule

GODE LYTTARAR: Elevar på Stord ungdomsskule lyttar til bokbad under festivalen Falturiltu.

Foto: Eli Bjelland / NRK

– Eg trur det er viktig å bli lesne for. Eg trur det er bra for ordforrådet, og så er det kjekt, meiner niandeklassingen Thomas Hatlevik på Stord ungdomsskule.

Mange seksåringar blir fora med bøker i lunsjen, men høgtlesinga dabbar av dess eldre ungane blir.

Over halvparten av lærarane i første klasse les høgt kvar dag, viser ein forskingsstudie frå Nasjonalt senter for leseopplæring og leseforsking ved Universitetet i Stavanger.

– Det finst lærarar som les for elevar på ungdomsskulen også, men her er det meir å henta, meiner førsteamanuensis og leseforskar Monica Gundersen Mitchell.

Monica Gundersen Mitchell

LESEFORSKAR: Førsteamanuensis Monica Gundersen Mitchell ved Universitetet i Stavanger.

Foto: UiS/Elisabeth Tønnessen

– Har tid til to romanar i året

Ho oppmodar lærarar å lesa for ungdomar også, skriv Utdanningsnytt.

– Hadde eg jobba som norsklærar i dag, hadde eg satsa på ein roman i halvåret. Det har me tid til. Høgtlesinga inkluderer alle, og kan bidra til å oppnå fleire mål i læreplanen.

Ungdomar les stadig færre bøker sjølve. Halvparten seier dei aldri les på fritida, viser Pisa-undersøkinga, som måler kompetansenivået til 15-åringar i blant anna lesing.

– Viss me gir elevane tilgang på gode litterære opplevingar, kan det skapa gode haldningar til litteratur. Kanskje kan det skapa meir leselyst seinare, seier Mitchell.

Ho anbefaler lærarar å sjekka Uprisen til Foreininga! les når dei skal velja ei bok som kan fenga flest mogleg elevar. Her er det ungdomar sjølve som kårar dei beste bøkene.

Terje Torkildsen

FESTIVALFORFATTAR: Terje Torkildsen besøker Stord ungdomsskule i samband med festivalen Falturiltu.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Gode til å lytta

Terje Torkildsen var førre veke festivalforfattar på Falturiltu, som er ein av dei mest besøkte litteraturfestivalane for barn- og ungdom i Noreg.

Han har besøkt mange ungdomsskular, og er no på Stord. Forfattaren har merka ei endring i høgtlesinga.

– Eg ser ein heilt tydeleg tendens til at det er meir høgtlesing for ungdomsskuleelevar no enn før. Og det er tydeleg at dei set pris på det. Dei er blitt betre på å lytta, meiner han.

– Lyttinga må ikkje erstatta lesinga, men det er viktig å bruka bøker i skulen.

Svea Andersen, Astrid Kyvik Skard, Thomas Hatlevik, Simon Cabot og Gerhard Andersen er elevar ved Stord ungdomsskule.

UNGDOMSSKULEN: Svea Andersen, Astrid Kyvik Skard, Thomas Hatlevik, Simon Cabot og Gerhard Andersen er elevar ved Stord ungdomsskule.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Ein lesetime i veka

Niandeklassingane på Stord ungdomsskule har ein lesetime i veka.

– Då les elevane mest sjølve, men me har ei felles klassebok minst ein gong i året. Då høyrer me anten på lydbok eller læraren les høgt, seier trinnleiar Ingvild Stautland.

Mediekonkurransen er blitt stor i kvardagen til ungdomane.

Leseforskar Monica Gundersen Mitchell viser til tal frå Statistisk sentralbyrå, som viser at ungar mellom 9 og 15 år i snitt les 11 minutt på papir kvar dag. Til samanlikning bruker dei tre timar på internett.

– Eg les ganske sjeldan. Men når eg først byrjar med ei bok, endar eg alltid opp med å lesa heile serien, seier niandeklassingen Simon Cabot.

– Me må jo bli tvinga ned på biblioteket, men når me først kjem ned der, finn alle ei bok, seier medelev Gerhard Andersen.