Hopp til innhold

Ungdom seier nei til utbygging

Ungdom i Jostedalen mobiliserer krefter for å stogge den føreslåtte kraftutbygginga. Dei håpar politikarane lyttar.

Video Jostedøler til kamp mot Statkraft.

TIL KAMP: Mykje av bygdefolket ti Jostedalen mobiliserer til kamp mot Statkraft. Dei vil nemleg ikkje ha noko av utbygginga som vil ta også dei siste småelvane i området. (Vestlandsrevyen 12.10.2011).

Statkraft sine utbyggingsplanar i Jostedalen møter motstand frå fleire kantar, mellom anna har motstaden frå friluftsfolk vore stor.

No har også ungdomen i bygda kasta seg inn i kampen og nær 50 ungdomar har skrive under eit opprop mot utbygging av fleire kraftverk i området.

Britt Kristin Ese er initiativtakar til oppropet frå ungdomane i Jostedalen, Leirdalen og Vigdalen.

– Responsen har vore kjempegod. Folk har heve seg rundt med ein gong, seier Ese til NRK.no.

Elvane er viktige for turistane

Statkraft Energi As har søkt om konsesjon for overføring av vestsideelevane, heving av Tunsbergsdalsdamenn og utbygging av Vigdøla kraftverk. Planane vil gje straum til 10 000 husstandar. Ungdomane meiner Jostedalen har ytt sin del når det kjem til vasskraft.

– No er det nok i Jostedalen. Det er så mange elvar som er tekne i bruk til kraftproduksjon at vi meiner dei som er att er elvar vi må bevare, seier Ese.

Ho seier bevaring av elvane i området er viktig både for lokalbefolkninga som lev der no og dei som kjem i framtida.

– Men kanskje er det viktigast for alle turistane som kjem til Jostedalen nettopp fordi dei vil oppleve urørt vestlandsnatur, seier Ese.

Ikkje uvanleg med konflikt

Dei siste åra er det bygging av minikraftverk som har vore dominerande. Konsesjonsdirektør i NVE Rune Flatby seier tida for dei større kraftverka likevel ikkje er over.

– Dette er ikkje eit stort kraftverk i gamal forstand, det er eit mellomstort kraftverk som også vil sørgje for betre utnytting av allereie utbygde system, seier Flatby.

Han er vand med at sakene NVE behandlar er omstridde.

– Vasskraftutbyggingar er ofte konfliktfylte. No er vi ein situasjon der vi ønskjer å satse på fornybar energi, og då vil vasskraftprosjekt vere eit viktig bidrag, seier Flatby.

Håpar på det beste

Sist veke sa formannskapet nei til utbyggingsplanane. I dag er skal kommunestyret seie sitt.

Ungdomane håpar dei vert høyrde når dei viser engasjementet mot utbyggingar.

– Vi håpar på det beste altså, seier Ese.

Dette er oppropet frå ungdomane:

Me er oppvaksne i Jostedalen, Leirdalen og Vigdalen og under 30 år. Me håpar kommunestyret, NVE og regjeringa seier nei til dei nye kraftutbyggingsplanane.

Dei tidlegare store kraftutbyggingane i Leirdalen og Jostedalen har ført mykje godt med seg, men har òg gjort at me har att få frittrennande elvar. Området på vestsida frå Myklemyr til Krundalen er det siste større urørte tur- og friluftsområdet nær busetnaden i Jostedalen.

Utbygginga til Statkraft vil føre til at det mest ikkje blir vatn att i desse elvane. Me håpar dette området kan takast vare på for dei kommande generasjonane og for reiselivet i bygda.

Opprop frå ungdomen mot utbygging