Heile 90 prosent av 9.-klassingane et langt mindre frukt og grønt enn det helsemyndigheitene rår dei til.
Det viser ei fersk undersøking ved skular i Bergen, utført av Nasjonalt institutt for ernærings- og sjømatforsking, NIFES. Dei har spurt nærare 500 niandeklassingar i Bergen om deira kosthaldsvanar.
Forskarane meiner resultatet er nedslåande.
– Dette gjer meg uroleg. Det er veldig viktig å ha gode vanar allereie i niande klasse. Det finst ein del forsking som viser at vanar ein legg til seg som ungdom og er gjeldande langt inn i vaksenlivet, seier Handeland.
NEDSLÅANDE: Doktorgradsstipendiat Katina Handeland meiner forskingsresultat er langt frå lystig lesing.
Foto: Siri Løken / NRK- LES OGSÅ:
1 av 4 et fisk mindre enn ein gong i månaden
Det er spesielt når det gjeld frukt og grønt at 9.-klassingane ligg bakpå.
– Det som utmerka seg i resultata var spesielt rådet om å ete fem frukt og grønsaker om dagen. 90 prosent av ungdommane i forskingsprosjektet følgjer ikkje dette rådet, seier doktorgradsstipendiat i NIFES, Katina Handeland.
Men også når det gjeld fisk er niandeklassingane langt frå myndigheitene sitt mål. Heile ein av fire et fisk sjeldnare enn ein gong i månaden, ifølgje undersøkinga.
– Det gjer meg uroleg fordi fisk og sjømat inneheld nokre vitamin og feittsyrer som ein ikkje får i seg frå så mange andre matvarer. Det er næringsstoff som kroppen treng, kanskje spesielt når den er i vekst, seier Handeland.
- LES OGSÅ:
SUNT: Lærar Hilde Eliassen forsøker å lære ungdommane kva som er sunt i heimkunnskapstimane.
Foto: Siri Løken / NRKLikar fiskepinnar
– Fiskepinnar med båtpoteter og salat er veldig populært, fortel lærar Hilde Eliassen.
Ho er opptatt av å lære elevane kva som er sunt. For tiandeklassing Ida Sekkingstad er både fisk og grønsaker noko ho ofte blir servert heime.
– Eg er veldig glad i frukt også, så det et kvar ganske mykje av kvar dag. Vi er ofte ute og fiskar, så då har vi mykje fisk i frysen som vi må ete, fortel ho.
- LES OGSÅ: