Hopp til innhold

Ungdom droppar skulen i protest mot helsesøstermangel

Under halvparten av norske 8-19-åringar seier dei har ei helsesøster å stikka innom på skulen. No streikar elevar i Bergen for å få helsesøstera tilbake – og får full støtte av rektor.

Elevstreik Ytrebygda helsesøster

STREIKAR: Ei rekkje elevar vel å streika, sjølv om dei eigentleg ikkje har lov. – Men dette er så viktig at vi gjer det likevel, seier Sanne Torsvik i Elevorganisasjonen.

Foto: Elevorganisasjonen i Hordaland

«Helsesøster er det vi trenger, selv om det vil koste penger», står det på ein av plakatane utanfor Ytrebygda skole i Bergen tysdag.

«Helsesøsterkrisa» i Noreg, der så mange som ein av tre kommunar slit med rekruttering av helsesøstrer, utløyser no elevprotestar.

Elevar ved Ytrebygda skole har valt å gå til streik mot det dei kallar eit dårleg skulehelsetilbod.

Tidlegare har elevane ved ungdomsskulen hatt helsesøster tre gonger i veka. Dette tilbodet blei borte i starten av april. Det var ekstremt dårleg timing, meiner Elevorganisasjonen.

– Dette er ikkje godt nok. Vi er inne i eksamensperioden, som er stressande for mange. Kva skjer om nokon får eit panikkanfall? Kven skal dei gå til når det ikkje er helsesøster til stades, spør leiar i Elevorganisasjonen i Hordaland, Sanne Torsvik.

Streiken gjer at mange elevar har valt å ikkje møta opp til timane. Mange held seg heime, og Elevorganisasjonen er til stades på skulen og støttar elevane som er der.

– Det er svært få som er på skulen i dag. Enkelte har møtt opp fordi dei har tentamen, og det forstår vi sjølvsagt, seier Torsvik.

Elevstreik Ytrebygda helsesøster

HAST: Desse elevane meiner det hastar å få attende helsesøstertilbodet.

Foto: Elevorganisasjonen i Hordaland

Fersk undersøking: Berre 40 prosent har helsesøster

I 2015 kunne NRK fortelje at ekstraløyvingar som skulle gå til 300 nye helsesøstrer ute i kommunane, i staden vart brukt på andre ting.

I ei fersk undersøking gjort for Barneombudet, svarar berre 40 prosent av barn og ungdom frå 8 til 19 år at dei har ei helsesøster på skulen dei kan stikka innom viss dei treng det.

Rektor på Ytrebygda, Hjørdis Østerbø, skriv på skulen sine nettsider at ho forstår at elevane er frustrerte.

– Skulen er einig i saka og støttar elevane 100 prosent, men vi tek avstand frå aksjonsforma. Dersom elevar held seg borte frå undervisning, vil dei få ugyldig fråvær. Vi oppfordrar elevane til å møte på skulen og delta i undervisninga, skriv ho.

Elevstreik helsesøster Ytrebygda

PLAKATAR: Mange elevar er heime, medan andre har møtt opp på Ytrebygda skole med plakatar.

Foto: Elevorganisasjonen i Hordaland

Ikkje rett til å streike

Elevorganisasjonen vedgår at elevstreik ikkje er ei stadfesta rett.

– Eigentleg har vi ikkje rett til å streike, men dette er så viktig at vi gjer det likevel, seier Torsvik.

Ho fortel at elevane fleire gongar har forsøkt å ta problemet opp med skuleleiinga, men at dei førebels ikkje har nådd gjennom.

Då elevane varsla skulen om aksjonen, fekk dei beskjed om at dei skulle få tilbod om helsesøster éin dag i veka fram til sommaren, og tre dagar i veka frå hausten att.

Likevel er elevane misnøgde.

– Det er ikkje godt nok med éin gong i veka. Behovet for helsesøster er større enn det, sa Sunniva A. Vik, som sit i Ungdommens bystyre for Ytrebygda skole, til BA måndag.

– Krevjande å rekruttere

Kommunaldirektør for skule, Trine Samuelsberg, seier det er forståeleg at elevane reagerer, men synest ikkje noko om aksjonen.

– Eg er glad for engasjementet. Dette er ei viktig teneste for elevane. Vi beklagar som skuleeigarar at dei har mista det opphavlege tilbodet, men eg hadde håpt at dei hadde nytta ein annan dialog enn denne aksjonen.

Ho fortel at helsesøster ved skulen har slutta, og at det har vore vanskeleg å rekruttere ny på kort tid.

Elevane ved Ytrebygda må difor belage seg på å vente til hausten før dei får tilbod om helsesøster tre dagar i veka.

– Vi er svært optimistiske, og trur vi skal få inn eit tilsvarande tilbod frå neste skuleår, seier ho.