Hopp til innhold

Ungdom drikk mindre alkohol

Medan trenden i samfunnet viser at folk flest drikk meir alkohol, så går utviklinga motsett veg blant dei unge.

Illustrasjonsbilde

GÅR NED: Utviklinga i Noreg viser at alkoholkonsumet blant dei fleste i befolkninga har auka dei siste tiår. Til trass for dette viser Ungdata sine resultat frå undersøkingar gjort i 2013 at ungdom drikk mindre alkohol enn før.

Foto: Sara Johanessen / Scanpix

Mange har kanskje ei oppfatning at ungdom i dag drikk meir alkohol enn før. Dette er kanskje ikkje så rart for det viser seg at alkoholkonsumet blant dei fleste i befolkninga har auka dei siste ti åra.

Til trass for dette viser Ungdata sine resultat frå undersøkingar gjort i 2013 at ungdom som går på ungdomsskulen og på vidaregåande drikk mindre alkohol enn før.

– Eit paradoks

Psykologspesialist Erik Iversen ved Bergensklinikkene meiner at nedgangen blant unge er eit paradoks om ein samanliknar med andre aldersgrupper.

– Dei siste 10–14 åra har alkoholbruken blant dei vaksne i befolkninga gått tydeleg opp. Samtidig har alkoholen blitt mykje meir tilgjengeleg og den har blitt relativt sett billigare. I mange heimar er det blitt meir vanleg med alkohol til maten eller til kveldskosen, og ikkje berre i helgene, seier Iversen.

Dette tyder at ungdommen blir eksponert for alkohol i mykje større grad enn tidlegare, men likevel har alkoholkonsumet blant dei unge gått ned.

– Det er eit nokså eintydig bilete vi ser på Vestlandet og i resten av Noreg i dei områda der dei har samanliknande undersøkingar frå tidlegare, seier han.

Erik Iversen

POSITIV UTVIKLING: Psykologspesialist Erik Iversen ved Bergensklinikkene er nøgd med utviklinga som skjer blant dei unge.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Mindre kult

Det er vanskeleg å finne konkrete årsaker på kvifor tala i Noreg har gått ned, men det kan skuldast fleire ting.

– Det kan skuldast at ei gruppe ungdommar fokuserer på helse og difor vel vekk alkohol. Ei anna gruppe sit kanskje meir heime på rommet sitt og held på med data eller sosiale medium. Kanskje det rett og slett er blitt mindre kult og mindre spennande, men dette er berre spekulasjonar, svarer Iversen.

Høyrer på foreldra

Trass i dette trekkjer Iversen fram foreldrerolla som ein viktig grunn for nedgangen.

– Vi veit at i same periode har det blitt gjort omfattande program for førebygging i skulane, retta mot elevar og foreldre. Vi veit at ungdom faktisk bryr seg om kva foreldra seier. Heile to tredjedelar av ungdommen seier at det er viktigare å høyre på foreldra enn jamaldrande når det gjeld rusmiddel, svarer han.

Eg er stolt av ungdommen.

John Opdal, Odda-ordførar

Andre viktige grunnar er fritidstilbod og førebyggingstiltak gjort på skulane.

– Trivselsskapande program i skulane og førebyggingsprogram frå staten har vore viktige. I tillegg er fritidstilbod og arbeidet dei gjer i idrettslaga viktig å nemne. Her har til dømes Mot-kampanjen vore viktig, forklarar Iversen.

Vanskeleg å forklare

Sjølv om det finst mange ulike forklaringar på kva som skuldast nedgangen, er dei vanskelege å bevise.

– Det kan aldri bevisast fordi det skjer i røynda ute i samfunnet og ikkje i eit laboratorium. Så vitskapelege bevis får ein aldri i «real life», men vi må kunne sannsynleggjere effekten av det. Eg trur at eit resultat av den førebyggingsaktiviteten som har blitt gjort er ein viktig effekt, svarer Iversen.

Positiv utvikling

Sander Brekke går i 10. klasse på Odda ungdomsskule. Når han får spørsmålet korleis utviklinga er blant alkohol og ungdom på skulen sin, så trur han at fleire yngre drikk alkohol.

– Eg føler at dei yngre drikk alkohol tidlegare, for det blir meir vanleg å smake på alkohol. Eg trur det vert fleire i 8. og 9. klasse, svarer han.

Brekke og Holsen

OVERRASKA: Elevane Sander Brekke og Hanna Holsen vart overraska då dei fekk vite resultatet frå undersøkinga.

Foto: Egil Torheim / NRK

Sist veke fekk Odda kommune presentert resultata frå undersøkinga i 2013. Dette viste derimot ei positiv utvikling, som i resten av landet.

– No vart eg overraska. Eg trudde det var fleire unge som drakk i Noreg og her i Odda, svarer Brekke.

Medelev Hanna Holsen har ein teori på kvifor ho trur færre drikk alkohol.

– Ein har kanskje andre ting å halde på med, der det ikkje berre er fest og fyll i helgene, svarer ho.

I 10. klasse på Odda ungdomsskule viser undersøkinga for jenter:

Ordførar i Odda, John Opdal

NØGD: Ordførar i Odda, John Opdal er stolt over ungdommen i Odda.

Foto: Privat
  • I år 2000 svarte 45 % av jentene at dei ikkje hadde drukke alkohol. I 2013 var det same talet 70 %.
  • I 2000 hadde 13 % vore tydeleg rusa meir enn ti gonger siste halvår, medan i 2013 var det ingen.
  • Undersøkinga i 2000 var gjort om hausten, medan undersøkinga i 2013 vart gjort om våren (året etter). Elevane er difor i 2013 eit år eldre enn dei som tok same undersøking i 2000.

Desse tala viser tydeleg at det er ei auke blant dei som ikkje har vore rusa siste halvår, og ei tydeleg nedgang blant dei som har vore rusa ofte. Dette er trendar som ein også finn i resten av landet og blant begge kjønn.

Ordførar i Odda kommune, John Opdal, er nøgd med utviklinga som skjer blant ungdommen.

– Det er gledeleg at ungdommen har redusert alkoholforbruket sitt, og det tyder at det er gode oppvekstvilkår. Eg er stolt av ungdommen i Odda etter å ha sett dette resultatet, svarer han.

«Fleirtalsmisforståinga»

Når ein ser ei nedgang i bruk av alkohol blant dei unge, så kan ein tru at ungdommen går over til andre rusmiddel. Dette viser seg å ikkje stemme.

– Ungdom er faktisk blitt mykje mindre aktive på rusåtferd i det heile tatt, svarer Iversen.

Erik Iversen meiner det er viktig å vise ungdommen resultatet frå undersøkinga.

– Det er noko som heiter «fleirtalsmisforståinga», og det er at mange trur at «alle dei andre gjer det». I dette tilfellet har vi tal som viser det nøyaktige tilfellet, og eg trur resultata er overraskande for mange. Slik sett kan kanskje tala i seg sjølv vere førebyggjande på sikt, seier han.