Hopp til innhold

Ung tilsett på skisenter smitta: – Det har heldigvis vore veldig sjeldan

Ein ung tilsett på serveringsstaden Dalalåven i Sogndalsdalen er smitta av covid-19. Dette er eit av svært få smittetilfelle blant tilsette på norske skisenter denne sesongen.

Dalalåven

JOBBA HER: Dalalåven i Sogndalsdalen ligg som ein integrert del av det store skisenteret.

Foto: Sogndal skisenter

– Det har heldigvis vore veldig sjeldan. No skal vi ikkje puste letta ut riktig enda, vi har nokre veker igjen av sesongen. Men eg kjenner berre til så eitt tilfelle av smitte knytt til våre alpinanlegg.

Det seier sjefen for bransjeorganisasjonen Norske alpinanlegg og fjelldestinasjonar, Camilla Sylling Clausen.

Den førre kjende smitten blant tilsette på eit skisenter var på Gaiastova på Hafjell rett før nyttår.

Ho fekk raskt beskjed frå Sogndal skisenter i dag om smitten som har oppstått og rosar måten dei har takla det på.

– Dei tiltaka vi har gjort og den nasjonale bransjerettleiinga vi har laga, vil eg seie er det viktigaste grunnlaget for at vi har kunne hatt opne skiheisar og alpinanlegg i vinter.

Stenger ikkje heisane

Sogndal skisenter er det største skisenteret i Sogn og Fjordane og trekk kvart år til seg mange tilreisande frå heile landet.

Skiheisane blir ikkje stengde, men Dalalåven blei stengd klokka 13.30 i dag då den positive prøven var eit faktum.

Om lag 20 nærkontaktar av den smitta personen er sett i karantene, opplyser ordførar i Sogndal, Arnstein Menes.

– Det at vi har testa fleire nærkontaktar utan å få positive svar, er bra. Men det er framleis for tidleg å seie at vi har kontroll på situasjonen, seier Menes.

Hodlekve

POPULÆRT: Sogndalsdalen har dei siste åra blitt ein svært populær destinasjon, ikkje minst på grunn av snøforholda og moglegheitene for toppturar.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Ber folk om å teste seg

Dagleg leiar for skisenteret, Per Odd Grevsnes, stadfestar at han sjølv er i karantene. Dei vil halde kontakt med kommunen og smittevernlegen i Sogndal utover kvelden og helga.

Smittevernlege Leiv Erik Husabø vonar sterkt at dette blir eit lite utbrot, men førebels kan han ikkje seie noko om omfanget.

– Smitten har jo kome på ein plass der det er samla mykje folk. Nett no i påskedagane er dette ein populær plass å vere. Slik sett er vi ekstra bekymra for nett det.

Sogndal kommune held ope for testing både 1. - og 2. påskedag.

– Dersom har du symptom så må du ta ein test. Vi har ingen indikasjon på at det er mange smitta, men vi vil vere på den sikre sida.

– Stolt av bransjen

Smittevegen er kjend for den unge tilsette. Vedkomande har fått smitten med seg frå Bergen.

Camilla Sylling Clausen i alpinbransjen meiner Sogndal skisenter har gjort alt rett så langt i denne saka.

Ho fortel om at alle dei 210 alpinsentera og 6 fjelldestinasjonane har hatt fokus på smittevern og tryggleik.

– Eg er veldig stolt av bransjen vår, slår Clausen fast.

Dagleg leiar ved Sogndal skisenter, Per Odd Grevsnes, bak disken.

KARANTENE: Dagleg leiar for Sogndal skisenter, Per Odd Grevsnes, seier at dei agerte fort då mistanken om smitte kom.

Foto: Synne Ulltang / NRK

ORIENTERTE: Sogndal kommune kalla i dag inn til pressemøte om situasjonen i Sogndalsdalen.