Krimteknikarar undersøker staden der ung mann blei funnen død

Ein ung mann blei tysdag kveld funnen død i hagen utanfor eit hus i Loddefjord i Bergen.

Krimteknikarar og politi på staden der ein ung mann blei funnen død.

Krimteknikarar og politi på staden der ein ung mann blei funnen død.

Foto: Sandor Dahl / BERGEN FOTO OG MEDIA

Krimteknikarar har sperra av eit område utanfor huset, etter at den unge mannen blei funnen i hagen.

Det opplyser politiet sin innsatsleiar, Tom Øyvind Johannessen.

– Vi gjer no undersøkingar med hjelp av kriminalteknikarar. Per no er det ingenting som tilseier at det har skjedd noko kriminelt. Men vi ønskjer å gjere grundige undersøkingar, seier Johannessen.

Tom Øyvind Johannessen i samband med funn av død mann i Loddefjord.

UNDERSØKER: Innsatsleiar Tom Øyvind Johannessen.

Foto: Sissel Rikheim / NRK

Fleire frå politiet var inne i området og gjennomføra ulike undersøkingar. Politifolk leita også i den bratte skråninga bak huset.

Politiet har avslutta åstadundersøkingar for natta og jobbar vidare med saka i morgon, fortel Vest politidistrikt til NRK.

Bratt terreng

Det var ein av dei som budde i huset som fann mannen.

Politiet gjekk i helga ut med ei etterlysing av ein mann i 20-åra. Familien til mannen har blitt informert om funnet i Loddefjord.

Krimteknikarar undersøker staden der ung mann vart funnen død

Åstadsundersøkingar etter at ein ung mann blei funnen død.

Foto: Sandor Dahl / Bergen foto og media

Det er for tidleg å seie om funnet kan knytast til sakna-saka.

Det er svært bratt terreng bak huset der mannen blei funnen.

Til Bergens Tidende seier innsatsleiaren at dei ikkje veit om dette kan vere ei fallulukke.

– Vi har gjort innleiande søk med hund i terrenget, seier Johannessen til avisa.

Krimteknikarar på adresse i Loddefjord.

AVSPERRA: Mannen blei funnen død i hagen utanfor dette huset i Loddefjord.

Foto: Sandor Dahl / BERGEN FOTO OG MEDIA