Hopp til innhold

Ung kvinne fengsla for drapstrugslar

Ei kvinne som er sikta for drapstrugslar mot mora er varetektsfengsla i to veker i tingretten søndag, melder BT. Årsaka til fengslinga er fare for gjentaking. Forsvarar Maria Hessen Jacobsen seier til BA at dette er ei sak som høyrer heime i helsevesenet. – Kvinna har bedt om hjelp veldig, veldig lenge. Saka handlar om psykisk sjukdom, seier Jacobsen.