Hopp til innhold

Får fengselsstraff etter å ha løyst sykkelhjul

To tenåringsgutar var tiltalte i ei av dei første sakene i Noreg om sykkelsabotasje. No er ein av dei dømd til fengsel og erstatning.

Unge gutar tiltalt for sykkelsabotasje

UTAN FRAMHJUL: Her ligg sykkelen som den fornærma guten brukte. Berre få meter frå skulen losna framhjulet, og han gjekk i bakken.

Foto: Politiet

Det var ein oktoberdag i fjor at guten skulle sykla heim frå skulen, men etter berre nokre få hundre meter losna framhjulet. Guten gjekk rett i asfalten og tennene fekk store skadar. Han må vera førebudd på dyr tannbehandling i mange år framover.

– Han meiner sjølv han har hatt hell i uhell. Det er ofte berre tilfelle som skil mellom utfallet han opplevde, og det som kunne vorte eit langt alvorlegare utfall, seier advokat Cecilie Andal Aarvik.

Ung gut fekk store skader etter møte med asfalten. Sak i Sunnhordland og Haugaland tingrett. Biletet er godkjent for bruk av bistandsadvokat Cecilie Andal Aarvik

BEHANDLING: I lang tid framover må ein ung gut frå Vestlandet ha tannbehandling. Dette etter at han gjekk på trynet i asfalten, etter at framhjulet på sykkelen losna.

Foto: Privat

Dømt for kroppskrenking

Aarvik var bistandsadvokat i ei spesiell rettssak som nyleg gjekk i Haugaland og Sunnhordland tingrett. To tenåringsgutar, som begge er over den kriminelle lågalderen, sat på tiltalebenken for kroppsskade og medverknad til kroppsskade.

No har Haugaland og Sunnhordland tingrett dømd ein ung gut til vilkårsbunde fengsel i 30 dagar, og til å betala offeret erstatning på 30.000 kroner.

Retten meiner guten berre er skuldig for kroppskrenking, ikkje kroppsskade, som var tiltalen, skriv Bladet Sunnhordland.

– Min klient er sjølvsagt glad for at retten høyrde på hans forklaring. For å verta dømt etter kroppsskade må ein ha til hensikt at ein skade skal inntreffe. Han har ikkje halde det som sannsynleg at saka skulle enda så alvorleg som den gjorde, seier guten sin forsvarar, advokatfullmektig Ragnhild Stople til NRK.

Den andre tiltalte vart frifunnen etter tiltalen.

Offeret i saka har hatt det vanskeleg etter ulykka. Han hamna på sjukehus i fleire dagar.

– Min klient har hatt det vanskeleg i ettertid, og har flytta frå kommunen han budde i før, seier bistandsadvokaten.

Ho seier klienten hennar er glad for dommen.

– Han håpar at ein no kan setja eit endeleg punktum for saka. Saka har vore vond og vanskeleg for han, seier advokat Cecilie Andal Aarvik.

Cecilie Andal Aarvik er bistandsadvokat for den fornærma i saka.

ERSTATNING: Bistandsadvokat Cecilie Andal Aarvik seier det kan verta aktuelt å krevja erstatning frå dei to tiltalte.

Foto: Olav Røli

Slo alarm om farleg trend

Politiet landet over har både i 2020 og i 2021 åtvara mot det dei har kalla ein livsfarleg trend; å skru av eller løyse låsemekanismen på framhjulet på syklar.

Ifølgje politiet og Trygg Trafikk har trenden spreidd seg mellom anna via videoar på TikTok.

Seinast i oktober i år senda Stord kommune ut ei uromelding til alle foreldre til elevar i barne- og ungdomsskule i kommunen om denne livsfarlege trenden, skriv avisa Sunnhordland.

Unge gutar tiltalt for sykkelsabotasje

UTAN HJUL: Hjulet på sykkelen losna, og vart liggjande på sida av der ulukka skjedde.

Foto: Politiet

Avviser at det var trend-påvirka

I rettssaka kom det fram at denne saka ikkje kunne knyttast til denne trenden.

– Me har ingen haldepunkt for at tiltalte sine handlingar er påverka av noko trend, seier aktor, politiadvokat Anne Marthe Möinichen.

Også forsvarar for ein av dei tiltalte, advokat Ben Einar Grindhaug, meiner dette er eit blindspor.

– Det er ingen opplysningar om nokon har filma frå hendinga. Det er heller ingen opplysningar om at det er henta motivasjon frå sosiale media, seier Grindhaug.

I dommen frå Haugaland og Sunnhordland tingrett kjem det fram at omtalen om «Tik-Tok-trend» har vore ein ekstra belastning for den tiltalte i saka.