Hopp til innhold

Grisebonde fryktar for omdømmet etter NRK-dokumentar

GLOPPEN (NRK): NRK Brennpunkt-dokumentaren om norske grisefjøsar har fått fleire til å reagere kraftig. – Om bøndene ikkje har dei rette haldningane, så er det «game over», seier fylkesleiaren i Sogn og Fjordane Bondelag.

Frode Fjellestad

SJOKKERANDE: Frode Fjellestad reagerer kraftig på korleis grisane i NRK Brennpunkt-dokumentaren blir behandla.

Foto: Bård Siem / NRK

Onsdag kveld viste NRK den undersøkande Brennpunkt-dokumentaren «Griseindustriens hemmeligheter». I dokumentaren går Norun Haugen undercover for å avdekke kritikkverdige forhold i norske grisefjøsar. Her vert det avdekt vald mot grisar og alvorlege brot på dyrevelferdsreglar. Det har fått fleire til å reagere kraftig.

Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde, krev ei haldningsendring hos bøndene.

Anders Felde

ØNSKJER ENDRA HALDNINGAR: Anders Felde, leiar i Sogn og Fjordane Bondelag, meiner ein må legge vekt på haldningsendring i tida framover.

Foto: Benedikte Grov / NRK

– Vi må ha større fokus på haldningar og ei eiga opplæring for dette, føreslår han. Felde legg til at det tek tid å endre haldningar, men at ein må legge større vekt på dette i tida framover.

– Dei som bryt regelverket er dei bøndene som aldri møter opp på noko, meiner han.

– Eit sjokkerande syn

Frode Fjellestad er grisebonde i Fjellbygda i Gloppen. Han har dobla arealet på grisefjøset og brukt sju millionar på oppussinga. Fjellestad er i tillegg sauebonde, så han satsar stort på gardsdrift.

– Det er sjokkerande. Eg blir sint, seier Fjellestad etter å ha sett NRK Brennpunkt-dokumentaren. Han fortel at han sat og rista på hovudet medan han såg programmet.

44-åringen meiner det er totalt uakseptabelt å behandle dyr så dårleg som i dei skjulte opptaka i dokumentaren.

– Dette er sjølvsagt heilt utanfor regelverket, seier han og får støtte frå bondelagsleiaren.

Anders Felde og Frode Fjellestad

REAGERER PÅ DOKUMENTAR: (f.v.) Fylkesleiar i Sogn og Fjordane Bondelag, Anders Felde og bonde Frode Fjellestad krev ei haldningsendring hos bøndene.

Foto: Bård Siem / NRK

Det er fortvilande å sjå at dyr blir behandla på denne måten, seier glopparen.

– Tine er eit godt føredøme

Landbruksminister Olaug Bollestad har varsla at ho vil kalle aktørane inn på teppet allereie i neste veke. Felde i Sogn og Fjordane Bondelag håpar det vil bli sett i gong ein haldningskampanje retta mot alle svineprodusentar i Noreg.

– Der kan det arrangerast møte og så håpar eg vi når alle bøndene slik. Dei som ikkje møter opp vil uansett få besøk, åtvarar han.

Felde trekk fram Tine som eit godt føredøme.

– Dei har besøkt alle Tine-produsentane i landet, fortel Felde og legg til at det samme må skje i grisenæringa.

Grisefjøs på Sandane

GOD DYREVELFERD: Hyppigare inspeksjonar på gardane vil avdekke om det er god dyrevelferd hos bøndene.

Foto: Bård Siem / NRK

Bondelagsleiaren oppfordrar til fleire besøk på gardane og god dialog med bøndene.

– Det vil få bonden til å bli meir bevisst på å spørje seg sjølv «Kor er akilleshælen i mi drift?», seier han.

– Ikkje Mattilsynet sitt ansvar

– I ein rapport frå Mattilsynet kjem det fram at berre ti prosent av gardsbruka blir inspisert i året. Det meiner Felde er for dårleg.

– Mattilsynet har ein viktig kontrollfunksjon, men det er ikkje dei som skal skape god dyrevelferd. Det skal vi som næring gjere. Det er vi som har eigarskap til god velferd hos dyra våre, fortel han.

Mattilsynet seier til NRK at det kan vere vanskeleg å oppdage korleis bøndene handterer den daglege drifta på tilsyn.

– Vi vil kunne sjå om der er grisar som ikkje er friske, men det er ikkje alltid like enkelt å vite om ein grisebonde driv med dyremishandling ved eit vanleg tilsyn.

– Gjennom dyrevelferdsprogrammet for slaktegris blir det gjennomført besøk i Nortura og kjøttbransjen, seier Felde.

Trass i urovekkande opptak frå Brennpunkt-dokumentaren teiknar ikkje Felde biletet heilsvart.

– Forhåpentlegvis får Mattilsynet sjå mange gode og glade grisar i Noreg, avsluttar bondelagsleiaren optimistisk.

Hva slags liv har grisen hatt før den havner på middagsbordet ditt? I fem år har Norun undersøkt norsk svineproduksjon med skjult kamera. Nå viser vi hva hun fant. Norsk dokumentar.