Hopp til innhold

Fjortis med fokus

– Lekser, skule og volleyball, det er det dagane går med til, oppsummerer det unge talentet.

Karoline Fauske

ALDER INGEN HINDRING: Ho er berre 14 år og går framleis på ungdomsskulen, men Karoline Fauske er sterk nok for elitespel i både kropp og hovud meiner, trenar Jan Egil Tvinde.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

Laurdag landa Førde den søte sigeren mot vestlandsrivalen Nyborg, med 3 – 1 på heimebane – og eit særdeles ungt lag.

Karoline Fauske som er yngstemann på laget smiler nøgd etter siste sett.

Karoline Fauske

GLAD FOR SIGER: Laget til Nyborg har eldre spelarar og meir rutine, men Førde var sterkast.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– Det handlar om prioriteringar, meiner den purunge elitespelaren om oppskrifta på å bli best mogleg, fortast mogleg.

Prioriteringane er trening. God trening, og mykje trening.

14- åringen tok steget opp på elitenivå denne sesongen, og kombinasjonen innspurt på ungdomsskulen og hard satsing på toppidrett krev si kraft-kvinne.

Sju økter på fem dagar

– Eg trenar kvar dag, og speler volleyball nesten kvar dag. Fire dagar med elite, pluss spel med U17-laget, og to ekstra treningar på Puls utanom. Så det blir sju treningar på fem dagar, seier ho.

Trenar Jan Egil Tvinde meiner denne arbeidsmoralen er ein av grunnane til det høge sportslege nivået ho ligg på.

Men han har fleire andre positive karakteristikkar av den allsidige spelaren.

– Ho er høg av vekst, det er jo ein stor fordel. I tillegg har ho har god grunnteknikk og har trent mykje allereie. Karoline er veldig god i angrep. Ut ifrå sin unge alder så er ho fantastisk god i angrep og i blokk. Så dette, og også serve, vil eg seie er hennar største styrkar, seier han.

Ikkje nok med fysisk styrke

Tvinde meiner kvalitet på trening og trenarar er nøkkelen til å verte god tidleg. Han trur også at det mentale har mykje å seie, og meiner Fauske har ein klar – om enn noko fordekt – fordel på det området.

Jan Egil Tvinde

TRENAREN: Jan Egil Tvinde rekrutterte ungjenta frå U19- laget i haust.

Foto: Ine Eftestøl / NRK

– I tillegg til fysisk trening så gjeld det å vera litt tøff i hovudet. Det er Karoline – sjølv om ho kan hende ikkje uttrykker det.

Karoline sjølv meiner det har vore avgjerande å få trena med eit lag på toppnivå, og at ho har heva seg etter overgangen.

– Er overtrening ei uro med store treningsmengder og ein kropp i vekst?

– Eg har ikkje merka noko så langt, men om det skulle skje så måtte eg nok ha trappa ned litt.

Så langt vert det altså ikkje snakk om nedtrapping. Ungdomsskuleeleven satsar hardt, og om lediggang er rota til alt vondt så må Fauske vera god som gull.

– Får du tid til noko anna enn skule og trening?

– Nei ... ikkje så mykje anna enn å slappa av litt kanskje, innrømmer ho, med ein siger-sveitt panne og eit stort smil.