Hopp til innhold

Unesco-fjord teppelagt av brunt slim – fenomenet brer om seg langs kysten

Forskarar blei overraska over synet som møtte dei på botnen av Nærøyfjorden.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Nærøyfjorden i Sogn blir rekna som ein av verdas vakraste fjordar. Så vakker at han i 2005 hamna på UNESCO si liste over verdas kultur – og naturarvstadar.

Men under overflata er historia ei heilt anna. Ho er ganske stygg.

Botnen er nemleg dekka av eit beige, spindelvev-aktig og slimete teppe. Eit teppe som øydelegg andre formar for liv.

Forskarane visste ikkje om problemet, før dei senka ned ei undervassdrone og fanga det heile på film

– Vi blei skikkeleg overraska, seier førsteamanuensis og marinøkolog Marianne Nilsen ved Høgskulen på Vestlandet.

Ho likte ikkje det ho såg.

Det var Sogn avis som først omtalte saka.

Nærøyfjorden sett frå Gudvangen

VERDSARVFJORDEN: Ein vakker fjord der sola speglar seg på vatnet. Men under overflata blir det mørkare og mørkare. Eit slør av brunt slim stengjer lyset ute.

Foto: Merete Husmo Høidal / NRK

Drep livet i fjorden

Det dei fanga på film var enorme mengder med trådalgar. Dei dekker til og øydelegg for andre organismar.

Den aller største utfordringa er at dei utkonkurrerer det vi kjenner som vanleg tang og tare, som er vesentleg å ha for eit sunt økosystem.

– Tang og tare skaper oppvekstområde for til dømes fisk. Der finn dei skjul og mat. I tillegg er dei viktige for klimaet, seier Marianne Nilsen.

Trådalgane tek rett og slett over Nærøyfjorden. På sikt betyr det at andre organismar og dyrelivet kan forsvinne.

Slik ser det ut på botnen av Nærøyfjorden.

Slik ser det ut på botnen av Nærøyfjorden.

Foto: Høgskulen på Vestlandet

Ein merkbar nedgang med fisk

Olav Magne Dyrdal har budd i Nærøyfjorden heile livet. Han er mykje ute på fjorden.

Dei siste åra har Dyrdal reagert på at det har vorte mindre fisk.

– Spesielt djupvassfisk har det blitt lite av, seier han.

Han har ikkje lagt merke til algeveksten. Men då Dyrdal var med som lokalkjend båtførar og skyssa forskarar og studentar rundt, fekk han seg ein støkk.

– Eg synest det er skremmande, seier han om oppblomstringa av algane.

Risikoen er at Dyrdal blir buande ved ein fjord som er bortimot heilt død. Det ønskjer verken han eller dei andre fastbuande.

– Dette er ein verdsarvfjord. Ein ønskjer å vise den fram som eit prospektkort på Noreg.

Ei reise i ro

YNDA TURISTMÅL: Folk reiser langt for å besøkje Nærøyfjorden. Denne kompisgjengen, frå Tokyo, sat 20 timar på fly for å oppleve norsk rein natur.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kan algen stoppast?

– Denne oppblomstringa er eit teikn på at noko er gale med økosystemet, seier Frithjof Moy.

Forskingssjefen i Havforskningsinstituttet fortel at algane høyrer heime i Noreg. Det er først når dei breier om seg dei blir eit problem.

Han har sett liknande før.

– I år 2000 blei eg skikkeleg overraska då dette skjedde for første gang i Noreg. Det var på Sørlandet, seier Moy.

Der døde sukkertaren og algane tok over. Situasjonen har blitt følgt tett sidan. Dei har kome fram til at grunnen der var varmare vatn. Om dette er grunnen i Nærøyfjorden kan han ikkje svare på.

Moy presiserer at algane i Nærøyfjorden er noko heilt anna enn det såkalla hamnespyet, som mellom anna har blitt eit problem i Stavanger.

Kajakkturistar

VEIT IKKJE GRUNNEN: Nærøyfjorden er slett ikkje like vakker under vassflata. Kva som er grunnen til dette må forskast vidare på.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

Må sjå alt under eitt

For heile økosystemet må sjåast i eitt. Både varmare vêr, død av andre artar, utslepp frå land eller miljøgifter frå båtturismen kan spele inn. Men ein ting er sikkert:

– Dei siste ti åra har det spreidd seg til å gjelde nesten alle fjordane i sør-Noreg.

Kan det breie seg vidare nordover?

– Ja, absolutt. Dette skjer i fjordar der økosystemet ikkje er velfungerande, seier Moy.

Korleis har det gått på Sørlandet?

– Det går opp og ned. Dei kalde åra er det bra. Dei åra med varmare temperaturar kjem ein knekk. Men systema kjem tilbake om dei får mogelegheit til det.

Frithjof Moy, forskningssjef, Havforskningsinstituttet 
viser fram tang og tare

Frithjof Moy viser fram tang og tare.

Foto: Leif Dalen / NRK