Likevel har dei no fått avslag på søknaden om opphaldsløyve, og for få dagar sidan starta bygdefolket ein spontan underskriftsaksjon, fortel ordførar Olav Ellingsen.
- Når dei no har fått beskjed om at dei skal reisa ut, så vakna det eit voldsomt engasjement i kommunen. Det vart sett i verk ein spontan underskriftsaksjon, seier Ellingsen.
- Dei tok og kontakt med meg slik at eg har sendt ein uttale til utlendingsnemnda og UDI, for å støtte oppunder at dei kan få bli verande sidan dei no har vist at dei godt har greidd å tilpasse seg samfunnet her i Aurland.