Hopp til innhold

Underskotet aukar

Underskotet etter Tall ships races har auka med endå ein million. Talet er no nesten oppe i 16 millionar kroner.

Ei av skutene som var med på Tall Ships Race har anka opp utanfor Refviksanden

Meir raude tal for TSRM

Foto: Anne Indrebø Refvik

Distriktsrevisor Markvard Sunde i kommunerevisjon Nordfjord seier at storleiken på underskotet er 15,9 millionar kroner.

- Underskotet er på 14.882.347, men så kjem millionen som Vågsøy kommune vedtok å støtte TSRM med på toppen av det. Då vert resultatet på 15,88 millionar, seier Sunde til Fjordenes Tidende.

Mykje ekstraarbeid

Leiar i kontrollutvalet i Vågsøy kommune, Inger Grethe Dalehamn (Frp), vil ikkje seie noko om kva tid ho trur utvalet vert ferdige med kontrollen etter fjorårets seglskutefest.

- Me veit at det me kjem med kjem til å bli lest med lupe. Difor vil me gjere ein så god jobb som mogleg. Det er viktigare enn å bli raskt ferdige, seier Dalehamn.

Ekstrarekning

Kommunerevisjon Nordfjord må vurdere om dei skal sende ny rekning til Vågsøy kommune etter mykje ekstra arbeid.

- Det har vore diskutert, men styret har ikkje fatta noko vedtak, seier Markvard Sunde.