Skuletopp opnar for å undervisa heimefrå også etter koronapandemien

Lærarane i landet har nesten ikkje korttidsfråvær dei siste vekene. No opnar skuletopp for at heimeskule kan erstatta eigenmeldingar.

Odd Bendik Melve på heimekontoret.

HEIMEKONTOR: Odd Bendik Melve held historietime for elevane sine frå kjøkkenbordet.

Foto: Sjur Mikal Dolve / NRK

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

– Eg har ikkje vore sjuk medan eg har undervist heimefrå, men ungane har vore det, seier lærar ved Askøy vidaregåande skule, Odd Bendik Melve.

Vanlegvis måtte han ha teke ut eigenmelding, vore heime med borna og brukt vikar. Men når kateteret er bytt ut med videokonferansar, er det mogeleg å både undervisa og passa ungar samtidig.

Melve trur at mange lagar eit lite undervisningsopplegg i staden for å levera eigenmelding i desse tider.

– Det finst jo ikkje digitale vikarar. Folk sjukemelder seg ikkje fordi dei veit at jobben ikkje blir gjort då, seier læraren.

Sju eigenmeldingar i april

Medan mange av effektane av å ha skule heimefrå ikkje er kartlagte, viser det seg at sjukefråværet til lærarane har gått kraftig ned.

Spesielt har det eigenmeldte korttidsfråværet stupt.

NRK har spurt alle fylka om fråværsstatistikken blant lærarane i løpet av året. Sju fylke har svart.

I Vestland fylke meldte i snitt 60 lærarar i veka seg sjuke i februar. Talet for heile april er sju, men det kan vere noko etterslep i rapporteringa.

Statistikken går igjen i resten av landet.

I Troms og Finnmark var det 232 eigenmeldingar. To månadar seinare var talet nede i 3.

Totalt og eigenmeldt sjukefråvær blant pedagogar på vidaregåande februar og april 2020

Totalt og eigenmeldt sjukefråvær

Februar

April

Fylke

Sjukefråvær totalt

Eigenmeldt sjukefråvær

Sjukefråvær totalt

Eigenmeldt sjukefråvær

Innlandet

5,6 %

0,5 %

4 %

0,01 %

Nordland

5,4 %

1 %

4,2 %

0 %

Møre og Romsdal

6,3%

<0,5%

2,9%

<0,1%

Oslo

5,5 %

<1,6%

4,9 %

<1,2%

Troms og Finnmark

6,2 %

0,9 %

3,8 %

0,01 %

Vestland

4,75 %

0,57 %

3,22 %

0,01 %

Viken

5 %

0,3 %

3,2 %

0,03 %

Oslo og Møre og Romsdal oppgav ikkje om det var eigenmeldingar, men IA-regelverket opnar for eigenmeldingar opp til åtte dagar. Oslo oppgav fråvær som varte over og under 16 dagar, Møre og Romsdal over og under 8 dagar. Difor er fråværet der rekna til å vera «mindre enn», markert med teiknet «<».

Meir smittevern og mindre stress

Førsteamanuensis i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen, Knut Eirik Eliassen, seier at ein forklaring på det låge talet eigenmeldingar er at folk faktisk har vore friske.

Under svineinfluensapandemien i 2009 såg vi til dømes ein stor nedgang i omgangssjuke og augekatarr. Hjå barnehagebarn forsvant det nesten heilt. Då var me også gode på smittevern, seier han.

Dessutan kan det henda at heimekontor fører til at færre stressar.

– Det går an å spekulera i at fleksible arbeidsdagar heimefrå kan føra til at færre slit med lidingar knytt til stress, som migrene.

Fastlege Knut Eirik Ringheim Eliassen

LEGE: Knut Eirik Eliassen er lege og førsteamanuensis i allmennmedisin ved Universitetet i Bergen (UiB).

Foto: Arne Hofseth

Gler seg over lærarane sin innsats

– Me veit at lærarar er ekstremt ansvarlege. Det er ofte sånn at mange lærarar går på jobb sjølv om dei burde ta eigenmelding, seier fylkesdirektør for utdanning og kompetanse i Vestland, Bjørn Lyngedal.

Fylkeskommunen er difor vane med at dei lærarane har eit veldig lågt sjukefråvær. Dette viser kor dedikerte lærarane er, og kor mykje dei legg i å undervisa elevane sine, meiner Lyngedal.

– Det er veldig gledelig å sjå at våre ansatte verkeleg står på i yrket sitt. Det imponerer meg kvar einaste dag at lærarane løyser denne krevjande oppgåva så godt, seier han.

Bjørn Lyngedal, Opplæringssjef i Vestland

VIL SPØRJA LÆRARANE: Bjørn Lyngedal vil undersøka om pedagogane i fylkeskommunen skal ha høve til å undervisa heimefrå i framtida.

Foto: Vestland fylkeskommune

Vil sjå om digitale klasserom er noko for framtida

Kan det bli ei løysing i framtida at lærarar som kunne teke ut eigenmelding underviser heimefrå?

– Det er det for tidleg å seia. Men me vil saman med lærarane sjå på om det går an, seier Lyngedal.

Han presiserer at heimeskule har fungert godt for enkelte grupper elevar.

Når historielærar Melve får same spørsmål, svarar han kontant.

– Det korte svaret er nei. Kvaliteten på det me klarar heimefrå er ikkje det same som me klarar i klasserommet. Det er der me er utdanna for å vera.

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 01.08.2021
2 033
Smittede siste 7 dager
17
Innlagte
799
Døde
3 565 349
Vaksinerte