Hopp til innhold

Mari (16) tilbake på treningssenteret etter tre veker i lockdown: – Deilig

Ein av åtte innbyggarar vart smitta og bygda stengde heilt ned. No er kvardagen på veg tilbake i Ulvik.

Mari Li Hjartnes på treningssenter Ulvik

TILBAKE: Mari Li Hjartnes (t.v) kunne koma tilbake til treningssenteret i Ulvik denne veka.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er jo veldig tomt her akkurat no, men det er ope. Det er deilig å tenkja på, seier Mari Li Hjartnes (16).

Måndag var ho tilbake på treningssenteret i Ulvik saman med venninnene. I tre veker har dei ikkje hatt lov til å møta kvarandre.

NRK er med når dei tek si første treningsøkt saman sidan Ulvik vart råka av den engelske varianten av koronaviruset.

Sjølv om venninnene har hatt mykje kontakt via telefonen dei siste vekene, er dei klare på at det er betre å treffast.

– Dei tre siste vekene har vore veldig seige og stille. Det har gått veldig treigt, fordi vi har ikkje gjort på noko, seier Hjartnes.

- Det er absolutt ingenting som har skjedd, seier Kari Tellnes Aarekol (15).

Mari Li Hjartnes i Ulvik

PASSAR PÅ: Mari Li Hjartnes brukar framleis munnbind når ho for første gong på tre veker vitjar treningssenteret i Ulvik.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ein av åtte smitta

Utbrotet i Ulvik byrja for alvor å spreia seg siste helga i januar. Ti personar var smitta på tre dagar.

Nesten heile heradet stengde ned. Besøk vart forbode, og berre matbutikkar fekk halda ope.

Tysdag 2. februar vart det stadfesta at det var eit mutantvirus som hadde spreidd seg i bygda. Smitten spreidde seg også til nabokommunane Voss og Kvam.

– Det har vore veldig kjedeleg, når ein er vane med å gå på trening, ungdomsklubb eller på butikken. Det er slike småting ein merkar ein manglar, seier Aarekol.

Til saman har 133 av dei 1067 innbyggjarane i heradet fått påvist viruset. Det svarar til heile ein av åtte.

Passar framleis på

Det har ikkje vore smittetilfelle i Ulvik sidan onsdag i førre veke.

Framleis er tiltaka i heradet strengare enn dei nasjonale, men no er det mellom anna lov å få besøk av fem personar heime.

Venninnene var likevel påpasselege med munnbind, handsprit og avstand under treningsøkta.

– Me kan vera uheldige og få ei ny nedstenging. Det vil me jo ikkje. No har me vore så flinke og halde oss inne, seier Hjartnes.

Venninnegjengen kan trena att i Ulvik

KAN MØTAST: Venninnegjengen til Kari Tellnes Aarekol (15, t.v.) og Mari Li Hjartnes (16) kunne måndag treffast på trening att.

Foto: Tale Hauso / NRK

Fekk opna butikken

– No ser det jo ut som ein butikk som ikkje har blitt drive på tre veker, seier Wollert Nordahl.

Han driv Promenadebutikken i Ulvik og sel mellom anna blomar, garn og solbriller. Den fyrste kunden i butikken måndag, kjøpte eit batteri til eit armbandsur.

– Det er hyggeleg å kunna vera tilbake og vera til nytte for folk. Du har ikkje ein butikk som dette utan eit ynskje om å vera til nytte for folk, seier Nordahl.

Wollert Nordahl i Promenadebutikken i Ulvik kunne måndag opna att.

BUTIKKEIGAR: Wollert Nordahl i blomeavdelinga av Promenadebutikken.

Foto: Tale Hauso / NRK

Ser fram til sommaren

Ordførar Hans Petter Thorbjørnsen meiner det er viktig å opna att no, spesielt med omsyn til dei unge.

– Me ser forhåpentlegvis ein slutt på smittespreiinga i Ulvik no, seier han.

Sjølv om det er vinterferie i heradet no, trur ordføraren innbyggjarane vil ta det med ro.

På treningssenteret har venninnene byrja å sjå fram til sommaren.

– Eg gler meg heilt sjukt. Me får håpa det er mindre tiltak då, seier Kari Tellnes Aarekol.