Hopp til innhold

Lyste aldri ut jobben: Kommunen oppretta toppjobb og tilsette ny sjef på eitt døgn

Fagforeiningar kallar tilsetjingsprosessen i Ulvik herad for absurd. Kommunedirektøren vedgår at han ikkje er stolt.

Ulvik dronebilde

HERAD: Ulvik herad er ein kommune med kring 1050 i Hardanger.

Foto: Visit Hardangerfjord

I slutten av september tilsette Ulvik herad i Hardanger ein ny assisterande kommunalsjef i helse- og omsorgseininga i kommunen.

Prosessen var svært kort: I løpet av eitt døgn oppretta kommunen stillinga, gav tilbod til ein person og tilsette han.

Sjefsjobben vart aldri lyst ut. Tillitsvalde vart heller ikkje kontakta.

I eit brev til kommunen reagerer no tillitsvalde frå seks fagforeiningar.

Dei meiner Hovedavtalen, Arbeidsmiljølova og den interne personalpolitikken til kommunen vart brote i prosessen.

– Eg måtte få det forklart to gongar før eg skjønte kva det gjekk i, seier Eivind Bergo, lokallagsleiar og hovudtillitsvalt i Utdanningsforbundet i Ulvik herad.

Det høyrdest ganske absurd ut at kommunen berre tildelte ei såpass viktig stilling. Det kan godt hende vedkommande som har fått jobben er den best kvalifiserte, men det får vi aldri vite, seier Bergo.

Avisa Hordaland omtalte saka fyrst.

Meiner prosessen skapar uro

Bergo kallar tilsetjingsprosessen urettferdig, sidan andre ikkje fekk høve til å søkja på stillinga.

I klagebrevet skriv han og fagforeiningskollegaene at dei er «redde for at dette skaper utryggleik, dårleg arbeidsmiljø, manglande tillit til leiinga og ikkje minst ein dårleg inngang i stillinga for den nytilsette».

– Mange kan føla seg forbigått, og det rokkar litt ved samarbeidet når kommunen vel slike tjuvtriks som dette, seier Bergo.

Annlaug Brandstveit, hovudtillitsvald i Fagforbundet, seier dei har fått tilbakemeldingar frå «ein god del tilsette» som har reagert på tilsetjinga.

– Det har skapt masse uro. Det er veldig viktig å presisera at ingen er irriterte på vedkommande som har fått stillinga. Det er prosessen vi reagerer på, seier Brandstveit.

Frykta å mista kompetanse

Årsaka til den raske tilsettinga var frykta for å miste han til ein nabokommune, forklarer kommunedirektør Thore Hopperstad.

Han hadde fått eit tilbod om jobb som han måtte svara på innan eitt døgn. Den tilsette er ein sjukepleiar med spesialkompetanse.

– Det skapte nok litt panikk hjå oss. Me kjenner reglane, men me var problemfokuserte heller enn løysingsorienterte der og då. Me meinte at me gjorde noko som var lurt for heradet, seier Hopperstad.

Kommunedirektøren forklarer at dei har diskutert omorganisering av helseeininga. Sjukepleiaren hadde tidlegare ei deltidsstilling. I rolla som mellomleiar får vedkommande halde på sine gamle arbeidsoppgåver, men tek i tillegg over oppgåvene til sin leiar.

– Det vart gjort kjapt. Men eg vil ikkje seia at me oppretta jobben til sjukepleiaren. Me oppretta stillinga for situasjonen.

NRK har vore i kontakt med sjukepleiaren. Han vil ikkje uttale seg i saka.

Koronasmitte i Ulvik.

Kommuneleiinga i Ulvik har diskutert å dela ansvarsoppgåvene til helse- og omsorgseininga mellom to leiarar, opplyser kommunedirektør Hopperstad.

Foto: Marit Hommedal / NTB

– Burde ha snakka tillitsvalde

Kommunedirektøren seier han ikkje er stolt over tilsetjingsprosessen.

– Me burde sjølvsagt ha snakka med dei tillitsvalde før me gav eit tilbod.

Han vil no møta dei for å laga rutinar og for å sørge for at noko liknande ikkje skjer igjen. Mellom anna vil Hopperstad laga ein rutine som vil gjera det uråd å tilsetja nokon utan å involvera dei tillitsvalde i prosessen.

Kommunedirektøren meiner det som er mest uheldig, er at tilsette kjenner seg forbigåtte i prosessen. Heradet har vore i kontakt med personar som er misnøgde.

– Me har hatt samtalar med enkeltpersonar, og me har full forståing for deira kjensler i dette. Det er ikkje vanskeleg å skjønna det, seier Hopperstad.

Kommunen vil likevel ikkje reversera tilsetjinga.

– Må lysa ut

Anette Hemmingby er fyrsteamanuensis i rettsvitskap ved BI, og spesialisert på arbeidsrett.

– For tilsetjingar i det offentlege skal kvalifikasjonsprinsippet fylgjast. Ein skal syrgja for at den som er best kvalifisert som skal tilsetjast. Derfor må ein lysa ut stillinga. Det er starten på ein ordentleg prosess som gjer at ein får tak i den best kvalifiserte, seier Hemmingby.

Ho presiserer at ho uttalar seg på prinsipielt grunnlag.

– Det handlar om tilliten til at offentlege midlar skal bli brukt på best mogleg måte.

Ei tilsetjing er eit enkeltvedtak som ikkje kan klagast på. Ein må eventuelt gå rettens veg for å få eit tilsetjingsvedtak omgjort, seier Hemmingby.

Det skal mykje til før ein går til domstolane for å overprøva ei tilsetjing. Difor er det veldig viktig å tilsetja den rette i fyrste omgang, seier Hemmingby

Anette Hemmingby

Anette Hemmingby er fyrsteamanuensis i rettsvitskap ved BI.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Kvalifikasjonsprinsippet er fastslått i praksis frå Sivilombodet. Det kan likevel vera situasjonar der ein kan fråvika det, forklarer jusprofessor Jan Fridthjof Bernt.

– Eg vil ikkje fella øksa over dette, men eg vil seia at kommunen har eit forklaringsproblem. Dei må gi ei svært god grunngjeving for kvifor dette var forsvarleg, i ein situasjon der det og kunne vera andre kompetente søkjarar, seier Bernt.