Hopp til innhold

Ulvik har nådd 100 smitta: – Ein del har vore veldig sjuke

Nesten ein av ti innbyggjarar har fått påvist korona. Seks av dei har hamna på sjukehus. – Ei ekstrem påkjenning for dei som blir råka.

Hans Petter Thorbjørnsen, ordførar i Ulvik herad.

MANGE TELEFONAR: Ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen, har fått mange telefonar dei siste dagane. – Eg har ei snill kone som passar på at eg får mat og drikke, så meg går det bra med, seier han.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Nokre seier at det er som å ha influensa gonger tre. Dei blir tappa for krefter berre dei står opp av senga og hentar ei skive med brød, seier ordførar i Ulvik, Hans Petter Thorbjørnsen.

Det vesle heradet inst i Hardangerfjorden har dei siste to vekene vore eit smitteinferno. Tysdag runda ulvikjene ei lite hyggjeleg grense. 100 av 1067 innbyggjarane har fått påvist viruset.

Litt over ei veke inn i utbrotet seier ordføraren at han har inntrykk av at ein del har blitt veldig sjuke.

– Dei blir kanskje ikkje veldig sjuke på dag ein, to eller tre. Det kjem snikande. Ein kan bli heilt utslått, seier Thorbjørnsen.

69 av smittetilfella hadde måndag fått påvist den engelske mutasjonen. Heradet har lenge gått ut ifrå at alle er smitta av denne virusvarianten.

Testing i fleirbrukshallen i Ulvik

FLEIRBRUK: Fleirbrukshallen i Ulvik har blitt brukt som teststasjon. Måndag hadde vel 450 av ulvikjene blitt testa.

Foto: Tale Hauso / NRK

Folk i 30- og 40-åra blir veldig sjuke

Litt under halvparten av dei smitta i Ulvik har vore barn. Fleire av dei som har blitt veldig sjuke, har heller ikkje vore veldig gamle.

– Me snakkar om friske og raske folk i 30-åra og kanskje i byrjinga av 40-åra. Tilbakemeldingane er at dei ikkje nødvendigvis surfar gjennom sjukdomen, seier ordføraren.

– Det er nok ei ekstrem påkjenning for dei som blir råka av dette.

Seks av dei hundre smitta i kommunen har vore lagt inn på sjukehus. Framleis er to lagt inn på Voss sjukehus, og ein på Haukeland.

Ser lys i enden av tunnelen

Dei fyrste ulvikjene som måtte i karantene er denne veka på veg ut att. Det gjeld mange av innbyggjarane i heradet. Ordføraren byrjar å lys i enden tunnelen.

– Me håpar og trur at talet skal gå enno meir ned i laupet av veka. Det var eit relativt lågt tal med fire nye smitta i dag, seier Thorbjørnsen.

Det vesle samfunnet har fått hjelp til å handtera smittesituasjonen lokalt. Eidfjord kommune har sendt ein lege til å hjelpa til på legekontoret. Eidfjord har også laga mat til sjukeheimsbebuarane i Ulvik. Thorbjørnsen opplyser også at fire sjukepleiarar har blitt sendt frå Stord.

– Våre tilsette har stått i ein ekstremt krevjande situasjon ganske lenge no. Det hjelper veldig å få avlasta dei, seier ordføraren.

Ulvik i Hardanger

ULVIK: Heradet har fått hjelp frå andre kommunar i Hordaland, mellom anna på legekontoret og på sjukeheimen, dei siste dagane.

Foto: Tale Hauso / NRK

Usikkert om mutasjonen gir meir alvorleg sjukdom

Den engelske virusmutasjonen er rekna til å vera om lag 35 prosent meir smittsam enn det vanlege koronaviruset.

Måndag skreiv FHI at den engelske varianten så langt ikkje hadde ført til meir alvorleg sjukdom. Dei meldte også at dei vaksinane me har fått til Noreg til no også fungerer på denne mutasjonen.