Hopp til innhold

Ulvedal fekk sølv i Ridderrennet

Ivar Ulvedal kapra sølvmedaljen i Ridderrennet. Han gjekk 20 kilometer på tida 1,41,18 i løypa på Beitostølen laurdag.

Ivar Ulvedal

Ivar Ulvedal fekk andreplassen i ridderrennet laurdag.

Foto: Kristian Roset-Hansen

Ulvedal reiste til skirennet saman med kollegaer frå Stryn arbeidssenter.

Medaljer til alle

Og dei markerte seg i løypene, men deltok ikkje i sjølve konkurranseklassen. Men tidene vart notert.

Monica Tonning og Per Joar Ytreeide Hansen gjekk begge fem kilometer, medan Odd Joar Sunde la to kilometer tilbake i løypene.

Ulvedal har markert seg i verdscupen med tre medaljer.