Hopp til innhold

Ulv på vandring skapar frykt blant bøndene

LAVIK (NRK): I Lavikdalen i Ytre Sogn har bøndene henta heim sauene sine ein månad tidlegare enn vanleg, i frykt for ulven som er på vandring i Sogn og Fjordane. Fleire ordførarar i fylket meiner at myndigheitene må ta ansvar for å ta ut ulven.

Vegard og Rune Hellem

FORTVILTE: Rune og Vegar Hellem frå Lavikdalen har aldri mista så mange dyr som i år.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

– Det er jo meininga at dyra skal komme heim att når ein sender dei ut på beite, seier Rune Hellem. Han er bonde i Lavikdalen, som ligg nord for Sognefjorden.

I sommar har han hatt omkring 50 sauer ute på beite. No har han henta dei heim att ein månad for tidleg, etter å ha mista fleire dyr enn nokon gong. Truleg er nokre av dei teken av ulv,

– Det er utriveleg. Det skal jo ikkje vere ulv her i Sogn og Fjordane, seier han.

No har han sauene på innmarksbeite, på gras som eigentleg skulle gått til slåtten.

Rune Hellem, sauebonde i Lavikdalen

HENTA HEIM: Rune Hellem henta heim sauene sine frå beite ein månad tidlegare enn vanleg.

Foto: Klara Skovro Thoresen / NRK

Har herja i to månader

I nesten to månader har ulven vore på vandring i Sogn og Fjordane. Det starta med at det var funnen drepne lam i Naustdal i starten av juli. Sidan har ulven sprunge sørover.

I Lavikdalen har det blitt funnen til saman 12 sauekadaver. Sjølv om det ikkje er sikkert at det er ulven som har forårsaka alle, så pregar det stemninga i den vesle bygda.

Odd Arne Hamre med sauer drepne av ulv

TEKNE AV ULV: Sauebonde Odd Arne Hamre fann åtte drepne lam på setra i juli. Statens naturoppsyn stadfesta at dei vart drepne av ulv.

Foto: Solveig Svarstad / NRK

– Det er ein stor tragedie. Det skal jo ikkje vere ulv i dette distriktet i det heile tatt. Det burde vore sett inn meir krefter for å finne ulven og skyte den, seier Torbjørn Lavik som bur i bygda.

Meiner det er staten sitt ansvar

Denne veka gjekk tolv ordførarar i Sogn og Fjordane saman og sende brev til statsminister Erna Solberg. Dei meiner det blir gjort for lite for å felle ulven.

– Å jakte på ulven er som å leite etter nåla i høystakken. Vi meiner myndigheitene kan drive ein mykje meir effektiv jakt på ulven enn den som skjer no, seier ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg (Sp).

– Ulven er staten sitt dyr og det er dei som må ta ansvaret og kostnaden for å ta den ut. Sogn og Fjordane er eit veldig beitetett område og her skal beitedyr ha prioritet, seier han.

Kan bli vanskeleg å ta

Rein Arne Golf i Statens naturoppsyn meiner det ikkje er hensiktmessig for dei å gå inn i ulvejakta.

– Den er såpass vanskeleg å jakte på at det ville vore sløsing med ressursar, seier han.

No er håpet at dei vil få inn fleire observasjonar når hjortejakta startar 1. september. Golf trur likevel det kan bli vanskeleg å ta ulven før snøen kjem og den legg att spor.