Hopp til innhold

Kvinne lettare skadd etter ulukke

Ei kvinne på 32 år var laurdag ettermiddag involvert i ei ulukke ved Lodalskåpa i Stryn.

Lodalskåpa

LODALSKÅPA: Ulukka skal ha skjedd ved Lodalskåpa i ettermiddag. Dette er eit arkivbilete.

Foto: arkiv / NRK

Politiet fekk melding om ulukka klokka 16.40, opplyser operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane politidistrikt, Nils Erik Eggen.

Tåkeproblem for luftambulansen

Kvinna vart frakta bort med luftambulanse. Men helikopteret hadde ei stund problem med tåke, opplyser Eggen.

– Ho vart flydd bort med luftambulanse og skal ha flydd i retning Førde Sentralsjukehus, sa Eggen.

Det er førebels noko uklart kva som skjedde, men Eggen opplyser at kvinna skal ha fått ein stein i hovudet.

Lettare skadd

Klokka 19.30 opplyste politiet til NRK at tilstanden var ukjend. Heller ikkje AMK ved Førde sentralsjukehus kunne sei noko om tilstanden til kvinna.

Men klokka 20.55 opplyser AMK at kvinna på 32 år er lettare skadd, og vil verte utskriven frå Førde sentralsjukehus laurdag kveld.