Det var onsdag ettermiddag at to bilar frontkolliderte ved Grotlivatnet i Oppland. Totalt åtte personar var involverte i ulukka. Tre av desse er sende til sjukehus i Trondheim, Ålesund og Førde. Ei kvinne i 20-åra og ei kvinne i 50-åra er kritisk skadde, melder politiet.
Dei fem andre personane er frakta til Lillehammer, Ålesund og Førde med ambulanse.
– Det kan sjå ut som den eine personbilen har kome over i motsett køyrefelt, seier operasjonsleiar i politiet, Kjartan Våge.
Det var fem personar i den eine bilen og tre personar i den andre.
Statens vegvesen skildrar det som ei alvorleg ulukke. Det blei sendt ut naudetatar frå både Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Oppland. Fleire luftambulansar blei også sende til ulukkesstaden.
Ulukka skjedde i Måsåbakkane, som ligg rett vest for Nysætre og aust for Grotli.
Fjellovergangen mellom Stryn kommune i Sogn og Fjordane og Skjåk kommune i Oppland var stengt ved Grotlivatnet i fleire timar. Litt før kl. 21 blei vegen opna for trafikk.
Are Bergheim bur på Grotli Høyfjellshotell som ligg nær ulukkesstaden. Han fortalde om store styrkar frå naudetatane.
– Det var naudetatar frå både aust og vest. Det er tydeleg at dette var alvorleg, seier Bergheim.