Ulukke mellom trailer og personbil

Ein trailer og ein personbil har kollidert i Fyksesundvegen ved Steinstø i Kvam. Totalt fire personar er involverte, men det er ikkje meldt om alvorlege personskadar, melder politiet. Det skal vera råd å passera på staden. Airbagar blei ikkje utløyste.