Hopp til innhold

Tre personar til sjukehus etter to ulukker på glatta i Voss

Fyrst vart ein sendt til sjukehus etter ein kollisjon ved Granvin kyrkje på rv. 13. Halvannan time seinare blei to andre sendt til sjukehus etter ein ny ulukke på same veg.

Ulukke Granvin

KOLLISJON: Ein minibuss og ein bergingsbil har kollidert front mot front på riksveg 13 ved Granvin kyrkje. Ein person er sendt til Voss sjukehus.

Foto: Aksel Johannessen

Den fyrste ulukka vart meldt like før klokka 14.40. Alle naudetatar rykka ut til ulukkesstaden, som er ved Granvin kyrkje på riksveg 13.

Det var ein minibuss og ein bergingsbil som kolliderte front mot front.

Det var fire personar i minibussen. Totalt fem personar var involvert i ulukka.

– Éin person er køyrt til traumemottaket på Voss sjukehus, seier operasjonsleiar Terje Magnussen i Vest politidistrikt.

Ein person er frakta til legevakta, mens dei tre andre er uskadd, og dimittert av ambulansen.

– Ingen har vore fastklemde, fortel vaktkommandør Ole Jakob Hartvigsen.

Alle dei involverte er vaksne menn.

Ny kollisjon ei mil lenger vekke

Om lag halvannan time seinare fekk naudetatane melding om ei ny trafikkulukke. Denne gongen hende trafikkulukka sør for Flatlandsmoen Camping like ovanfor Skjervet på Voss.

To bilar kolliderte. I bilane var det to personar, som båe blei køyrd til Voss sjukehus.

Det var også her store materielle skadar. Ein av bilane skal ha byrja å leka.

– Det har me teke hand om, seier Geir Ove Pedersen, innsatsleiar for brannvesenet på staden.

Fleire stengingar på rv. 13

Dei to ulukkesstadane ligg høvesvis 12 og 22 kilometer søraust for Voss på riksveg 13.

Det er store materielle skadar etter den fyrste frontkollisjonen. Det er meldt om svært glatt veg på båe ulukkesstadane.

Også ved Bjotveit bru, om lag halvannan mil frå Granvin kyrkje, var vegen også stengt mellom 16 og 18. Der trong ein bil berging.

Glatte vegar

Det er glatte vegar fleire stadar i distriktet.

– Me har plutseleg fått vintervêr. Og så har det vore rundt null grader fleire stadar i dag. Då frys det på att når det vert kveld igjen, seier trafikkoperatør Gaute Losnegård ved Vegtrafikksentralen Vest.

Han opplyser at det skal vera strødd og salta på hovudvegane, men at det kan vera glatt på mange sidevegar.

– Folk må avpassa farten etter høva og rekna med å bruka litt ekstra tid når dei skal frå A til B, seier Losnegård.

KOLLIDERT: Ulukkesstaden ligg vel 22 kilometer sørvest for Voss på riksveg 13.