Hopp til innhold

Sju blei tekne av snøras mens dei var på jobb. Bjørn Olav grov for å finne sin eigen bror

MAURANGER (NRK): Sju arbeidarar mista livet på jobb for det norske krafteventyret. 50 år etter er Bjørn Olav Bondhus tilbake der broren Geir (17) vart gravlagt av snøen.

Bjørn Olav Bondhus

TILBAKE: Det er gått 50 år sidan veslebroren til Bjørn Olav Bondhus drog på jobb her i Kvinnherad-fjella for siste gong.

– Vi tenkte berre på ein ting: Å koma oss opp dit og få folk fram i live.

Det var 9. januar 1970. Dei drog til fjells så fort dei kunne. For å grava og redda liv. Ein plass der oppe i snøen låg ein bror, ein far, eit søskenbarn.

Dei har aldri gløymd denne orkannatta.

– Vi hadde kvart vårt minebor. Når vi høyrde brøling i lia, var det berre å køyra boret i bakken, leggja seg flat og halda seg fast, minnest Bjørn Olav Bondhus.

– Det kjendest som om føtene løfta seg frå bakken, seier Sigmund Fredheim, ein av dei første redningsmennene på staden den gongen.

Minnesmerke Mauranger

MINNESTUND: På 50-årsdagen for ulukka la pårørande ned krans på minnesmerket.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

Krafteventyret

Dei er tilbake i fjellet der eit stort arbeidslag hadde tatt seg opp for å jobba, 850 meter over Maurangerfjorden i Hardanger.

Framleis er det vanskeleg å snakka om det som skjedde. Pårørande og hjelpemannskap har sagt ja til å møta NRK på 50-årsdagen.

Det er lettare å snakka når ein er fleire om det.

– Vi hadde jo ikkje støttegrupper eller krisehjelp den gongen, seier Bondhus.

– Det vart ikkje snakka om i bygda. Slik var det berre.

Skulle få veg til omverda

Noreg, vinteren 1970. Det var industrireising, folkevekst og velstandsauke. Landet trong meir straum. Store kraftutbyggingar var i gang mange stader i landet. Det meste var drive fram av NVE – Statskraftverkene, no Statkraft.

Dei store miljørørslene var berre så vidt byrja å samla seg. Enno var det eit halvt år til Mardøla-aksjonen.

Dei små bygdene Sunndal og Mauranger i Kvinnherad var i ferd med å få veg til omverda. Også det skuldast kraftubyggjinga. Eit stort kraftanlegg blei reist i fjella. Eit nettverk av tunnelar og røyr skulle føra smeltevatn ned frå Folgefonna og frå vatna like ved til kraftstasjonen ved Maurangerfjorden.

Mauranger-raset

– Såg ein skavl over brakkene

Arthur Sandvik var 22 år gammal og tverrslagsreparatør. Han hadde byrja på anlegget oppe i fjella i oktober.

Geir Bondhus var berre 17 år. Han fekk fem dagar i jobben.

– Bror min sa i romjula den vinteren at dei hadde sett ein skavl over anleggsplassen, fortel Hans Ølver Sandvik.

Eit forferdeleg vêr hadde ikkje stoppa arbeidarane. Det var orkan i kasta. Skavlen som Arthur Sandvik hadde sett i jula, må ha losna.

Midt på dagen 9. januar dundra han ned den bratte fjellsida og knuste anleggsbrakkene med dødeleg kraft.

«Tilriggingsarbeidet var på det nærmeste ferdig, og det var sprengt plass inne i tunnelen for verksted. De omkomne skulle således om kort tid enten forlate dette anleggsstedet eller flytte inn i fjellet», skreiv NVEs eige blad Fossekallen ein månad etter ulukka. Artikkelen var ført i pennen av sjølvaste kraftdirektøren Sigurd Aalefjær.

Arbeidskollegaer klarte å ta seg ned og melda frå om ulukka. Redningsmannskap strøymde etter kvart til frå store delar av Vestlandet. Men vêret gjorde redningsarbeidet særs vanskeleg.

Sju arbeidarar omkom under kraftutbygging i Kvinnherad 9. januar 1970.

SJÅ VIDEO: Sju arbeidarar omkom under kraftutbygging i Kvinnherad 9. januar 1970. Bilete frå Dagsrevyen.

Tok tid å finna alle

– Fjellet stod i eit einaste rokk, sa helikopterpilot Eivind Ytrestøyl i Helikopterservice til VG 10. januar 1970.

Vinden var oppe i over 80 knop, melde avisa. Grensa for orkan er 64 knop. Den erfarne piloten Ytrestøyl flaug over ulukkesstaden om ettermiddagen, men kunne ikkje ta helikopteret ned.

Først tre dagar seinare var dei sju omkomne gjort greie for. Fem av dei vart funne i verkstaden.

To var blitt tatt av raset og blei funne ved Rennesdalsvatnet fleire hundre meter lenger nede i dalen. Ein av dei var Geir, Bjørn Olav sin bror.

Fire av dei omkomne var frå bygda.

– Å finna han som låg nedklistra under ein stor stålbjelke. Det gløymer du ikkje, seier Bjørn Olav Bondhus.

Ulukka er gløymd av mange. Men ikkje av bygdefolket i Kvinnherad.

Geir Bondhus

UNG: Geir Bondhus var 17 år og var blodfersk i jobben som anleggsarbeidar. Biletet av han står på hylla heime hjå broren.

Foto: DAG HARALD KVAMMEN ANDERSEN / NRK

Ulukka endra forskinga

Mauranger-ulukka og tre andre, store skredulukker i åra 1968–1971 endra norsk forsking.

Dei førte til at Stortinget i 1972 vedtok å oppretta eit nasjonalt kompetansesenter for snøskred i regi av Norges Geotekniske Institutt (NGI).

«Disse store ulykkene i løpet av fire år på rad førte til stor mediedekning. Det ble et krav at nå måtte det offentlige organisere en permanent ordning der en institusjon fikk ansvar for snøskredforskning, rådgivning og sikring, for at slike tragedier kunne unngås i fremtiden», skreiv no avdøde snøskredpioner Karstein Lied i ein artikkel i 2018.

La ned songkoret

Men ulukka har kanskje først og fremst prega dei som sat att. Før krisepsykologien, før støttegruppene, før det blei stuereint å snakka om det vanskelege.

– Vi skulle berre gløyma det heile, seier Solveig Fredheim som mista faren Karl Johan Bondhus i ulukka.

Sigmund Fredheim fortel at det nettopp var starta songkor i bygda.

– Det blei lagt dødt etter ulukka. Ingen følte for å vera med og syngja, seier han.

– I ettertid tenkjer eg vi gjorde feil i å snakka så lite om det. Det vart lagt lokk på det i heimen. Vi snakka lite om Arthur etterpå, seier Hans Ølver Sandvik.

– Det er ikkje til å leggja skjul på at det er vanskeleg til tider, spesielt i tida på året då det skjedde.