Hopp til innhold

Dagen-redaktør: – Ulstein er absolutt favoritt etter dette

Fylkeslaga til KrF i Vestland, Møre og Romsdal, Agder og KrFU peiker no alle på Dag-Inge Ulstein som den neste KrF-leiaren.

Dag Inge Ulstein

KAN BLI NY PARTILEIAR: Tre fylkeslag og KrFU har sagt at dei ønsker Dag-Inge Ulstein som ny partileiar i KrF. Ulstein kjem frå Møre og Romsdal, men er valt inn på Stortinget frå Hordaland.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Vi ser på Dag-Inge Ulstein som vår favoritt, og den som kan føre partiet vidare, seier Morten Helland, som er fylkesleiar for KrF i Vestland.

Onsdag kveld møttest fylkesstyret i Vestland KrF for å drøfte kven dei ønsker som ny partileiar etter Kjell Ingolf Ropstads avgang.

Valet fall på Dag-Inge Ulstein, som er valt inn på Stortinget frå Hordaland.

– Han har eit brennande engasjement på saksområde som vi tenkjer er viktige framover, som kampen mot fattigdom, omfordeling og klima. Men han òg vist at han er god på næringspolitikk, seier Trude Brosvik, som er gruppeleiar for KrF på Vestland fylkesting.

Agder og Møre og Romsdal vil ha Ulstein

Astrid Dalehaug Norheim er nyheitsredaktør i avisa Dagen. Ho er ikkje overraska over at fylkeslaget til Vestland peiker på Ulstein.

– Det var ikkje uventa i det heile teke. Ulstein har god oppslutnad her i Vestland, seier Norheim.

Ho meiner Ulstein etter avrøystinga i Vestland har gode svært sjansar til å bli ny partileiar.

– Han er absolutt favoritt etter dette, seier Norheim.

Blant dei som har peikt på éin leiar har Ulstein no støtte blant fylkeslaga i Vestland, Møre og Romsdal, Agder, i tillegg til KrFU. Bollestad har støtte frå Rogaland og KrF Kvinner.

– No leier han 4 – 2 hos dei som har peikt på éin leiar, og han har nå tunge lag med seg, så no er det stor grunn til å tru at vi vil sjå Ulstein framover, meiner Norheim.

Astrid Dalehaug Norheim, nyheitsredaktør i Dagen

IKKJE UVENTA: Nyheitsredaktør i Dagen, Astrid Dalehaug Norheim, er ikkje overraska over at fylkesstyret til Vestland KrF ønsker Dag-Inge Ulstein som ny partileiar.

Foto: marit Stensby / NRK

Fylkesleiar Morten Helland trur arbeidet Ulstein har gjort som utviklingsminister vil ha appell blant unge veljarar.

– Han kjem til å engasjere eksisterande veljarar og yngre veljarar, men gjerne også nå breiare ut, seier Helland.

Etter at NRK har snakka med Helland og Norheim, har også Vestfold og Telemark KrF peika på Ulstein som ny partileiar.

– Vi trur Ulstein representerer ei fornying og at vi trur at han i større grad enn Olaug Bollestad kan bidrege til å løfte partiet framover. Det seier Bror-Lennart Mentzoni, leiar i Vestfold og Telemark KrF.

Andre runde blir avgjerande

Fylkeslaga til KrF skal ha to rundar med høyringar i samband med valet av ny partileiar. Etter første høyringsrunde skal valkomiteen jobbe med namneforslaga som har kome inn frå fylkesslaga.

Olaug Bollestad på KrFs valgvake

ØNSKT AV ROGALAND: Olaug Bollestad er ønskt som ny partileiar i heimfylket Rogaland.

Foto: Truls Antonsen / NRK

Andre fylkeslag har spelt inn fleire namn i første runde. Fylkesstyret i Trøndelag har i tillegg til Bollestad og Ulstein, Øyvind Håbrekke, Hans Olav Syversen og Jorunn Lossius som aktuelle kandidatar.

Frå fylkeslaget i Oslo KrF er både Bollestad og Ulstein er spelt inn, men ikkje rangerte. Representantskapet er kalla inn 12. oktober for å kome med innspel.

KrF i Troms/Finnmark, Viken og Innlandet har også hatt første høyring, men ønskjer ikkje å offentleggjere namna dei har spelt inn.

Fylkesstyra i Nordland og i Vestfold/Telemark har til liks med Vestland møte onsdag.

Etter første høyringsrunde, sender valkomitéen ut ei namneliste med dei som er foreslått i første runde og som har sagt ja til å stille. Denne lista skal fylkeslaga ta stilling til i andre runde.

Etter andre runde blir det lage ei innstilling til landsmøtet, som delegatane skal stemme over.

– Det siste dei vil ha, er ein ny opprivande strid. Dei er opptekne av at det skal vere brei semje, ein god prosess og at det ikkje blir kampvotering, seier Norheim.