Selskapet skuldar over 300.000 kroner i skatt og avgifter, og vil missa konsesjonen ved ein konkurs, skriv BT.
Stadfestar kravet
Det var i går, torsdag, at kemnaren gjekk med kravet om konkurs til skifteretten.
Juridisk rådgjevar Christine Due Sivertsen hjå kemnaren stadfestar at dei krev at selskapet Bergen Cable Car & Bergen In A Nutshell AS blir slått konkurs.
Kommunen orientert i går
Finansbyråd Henning Warloe kjenner til konkurskravet.
- Eg blei orientert i går om at dette kravet var levert inn på vegne at skattekreditoren. Det er ikkje kommunen som har bedt kemnaren om å gjera dette. Dersom banen skulle bli slått konkurs vil avtalen mellom kommunen og Ulriksbanen opphøyra, fortel Warloe.
300.000 til inkasso
Ifølgje kredittopplysningar frå Dun & Bradstreet sendte kemnaren i Bergen eit krav på 309.127 kroner til inkasso i juli i fjor.
Dersom selskapet, som er kontrollert av Thorbjørn Sirseth, ikkje maktar å betala kravet og blir slått konkurs, misser dei konsesjonen.