Hopp til innhold

Ulike smittevernreglar skapar forvirring – Marie fryktar at Stian Andre ikkje får vere med på fødsel

Fødeavdelingane på sjukehusa i Noreg har svært ulike smittevernreglar. Dette skapar forvirring og uro blant gravide.

Sambuarparet Stian Andre Bø og Marie Stensvoll i Florø ventar ein liten gut og har termin 27. januar. Dei opplever at Helse Førde er uklare i informasjonen og seier mange er forvirra.

UKLART: Sambuarparet Stian Andre Bø og Marie Stensvoll ventar ein liten gut og har termin 27. januar. Dei opplever at Helse Førde er uklare i informasjonen og seier mange er forvirra.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Blant dei som er bekymra er sambuarparet Marie Stensvoll og Stian Andre Bø frå Florø.

– Informasjonen er uklar, seier høggravide Stensvoll.

Om kort tid blir 28-åringen mamma for første gong.

Hos det lokale sjukehuset hennar i nabobyen Førde har dei no innført strengare reglar på fødeavdelinga. Dei nye reglane har skapt forvirring og frykta er at sambuaren ikkje får vere med på fødselen.

– Det hadde vore ein enkel sak for Helse Førde å rydde opp i forvirringa som er der ute, seier Stensvoll.

Full forvirring blant fleire

Fram til nyleg var reglane slik at partnaren kunne vere med under heile fødselen. Men før nyttår stramma Helse Førde inn av smittevernomsyn. No er det først under den «aktive» delen av fødselen, at partnaren kan vere med.

Denne formuleringa har forvirra fleire. Stensvoll og fleire andre har stilt spørsmål ved dette til Helse Førde. Den medisinske definisjonen på aktiv fødsel, er at den fødande har nådd tre-fire centimeter opning og riene er regelmessige.

Helseføretaket gjekk ut og svarte på facebooksidene sine. 28-åringen tolka svaret slik at sambuaren måtte sitte ute og vente på parkeringsplassen fram til fødselen verkeleg drog seg til. Det syntest både ho og sambuaren var leitt. Også andre stilte kritiske spørsmål til helseføretaket, utan at dei følte svara var særleg oppklarande.

Føden: Ingen grunn til bekymring

Sjef på kvinneklinikken ved Førde sentralsjukehus, Trude Hansen Folkestad, seier dei gravide kan ta det heilt med ro:

– Alt er som før, og dei får ha med seg partnaren inn på fødestova. Dette skal ein ikkje vere bekymra for.

– Men no er det fleire der ute som har lese informasjonen frå Helse Førde, og som trur at partnaren ikkje kan vere med på heile fødselen. Kan informasjonen misforståast?

– Det kan det nok gjere, men det står nok slik for å dekke over dei gravide som blir igangsett og blir liggande ei stund, seier ho, og fortel til at desse ikkje lenger får ha med seg partnar heile tida.

Asle Kjørlaug, konstituert fagdirektør i Helse Førde, beklagar at dei har skapt forvirring. Han seier dette er ei utfordring når informasjonen blir delt i ulike kanalar.

Ulike reglar rundt om i landet

Også på besøkstida er det innstrammingar. No får den nybakte mora berre besøk av partnaren sin ein time dagleg. Før nyttår var det ikkje slike restriksjonar.

Førde sentralsjukehus

FORVIRRANDE: Helse Førde har også ulik informasjon om besøksreglar, noko som også er forvirrande, synest høggravide Marie Stensvoll.

Foto: Eirik Johnsen / NRK

Fleire andre sjukehus i byar med større smittepress, er mindre strenge enn Helse Førde.

Hos Ahus i Oslo kan partnaren vere med under heile opphaldet, står det opplyst på helseføretaket sine heimesider. Det er også fritt fram for at vedkommande kan kome på besøk etter fødselen. Ved Oslo universitetssjukehus, kan kvinna ha med partnaren under fødsel, samt at dei kan ha besøk av ein person per dag utan tidsavgrensing.

Hos Helse Nord-Trøndelag kan partnar vere med før, under og etter fødsel. Her blir partnaren oppmoda om å forlate avdelinga minst mogleg. Partnar får kome på besøk også etter fødsel. Også ved St. Olavs hospital i Trondheim er det fritt fram at den fødande får ha med seg partnaren sin.

Folkehelseinstituttet (FHI) seier dei ikkje har ikkje kome med nye tilrådingar når det gjeld besøk på fødeavdelingar. Men lokale forhold kan gi grunnlag for slike tiltak, opplyser Frode Forland, fagdirektør smittevern i FHI.

FHI meiner det er viktig partnaren får vere med under heile fødselen, og at desse to som regel vil ha same smittestatus.

– Må rydde opp i kommunikasjonen sin

Kari Aarø, leiar i den Den norske jordmorforeining, seier det er viktig å tryggje dei gravide med god og rett informasjon. Dette gjer det også lettare for dei som jobbar inne på fødeavdelinga.

– Når det kjem endringar er det viktig at alle nettsider blir oppdaterte og at informasjonen er enkel å forstå.

HÅPER : Sambuarparet Stian Andre Bø og Marie Stensvoll ventar ein liten gut og har termin om ni dagar. No håper dei at Helse Førde snart lettar på restriksjonane slik at Stian Andre får vere med under heile fødselen.

USIKKERT: Stian Andre Bø og Marie Stensvoll meiner Helse Førde lett kunne oppklart forvirringa. Dei synest også innstrammingane er for lite godt grunngitt.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Tilbake i Florø synest sambuarparet at det er veldig fint om svaret frå klinikksjefen stemmer.

– Men det samsvarar ikkje med dei svara dei gir på Facebooksidene sine, seier Marie Stensvoll, som meiner helseføretaket må rydde opp i kommunikasjonen sin.