Hopp til innhold

Ukrainske Nataliia (52) lagar nye frisyrar – og lærer seg norsk samtidig

Ein nystarta gründersalong skal hjelpa ukrainske frisørar å bli betre i norsk. Målet er at dei etter kvart skal få seg ein jobb eller starta opp si eiga bedrift.

Nataliia Shtanko og Olav Simon Kambestad på gründersalongen i Odda

Nataliia Shtanko har jobba som frisør i 25 år. I gründersalongen får ho igjen bruke erfaringa si. Kunde Olav Simon Kambestad får ny frisyre.

Foto: Tale Hauso / NRK

– Det er så kjekt å få vera frisør igjen, seier ukrainske Nataliia Shtanko (52) medan ho tar i mot dagens første kunde.

Normalt er det opp til ein månad ventetid for å få klipt seg i Odda, men no er det kome eit nytt tilbod.

Det ser ut som ein vanleg frisørsalong, men i denne salongen er det fem ukrainske frisørar som er med på eit prøveprosjekt.

Shtanko kom til Noreg for under eitt år sidan. I Kyiv har ho vore frisør i 25 år og jobba i ein stor frisørsalong. No er ho glad for å kunna bruka gamle kunstnar.

– Eg håpar at eg etter kvart kan få fast jobb og ei stabil inntekt, seier ho.

Lappar med norske ord

I frisørstolen sit Olav Simon Kambestad og skal få seg ny sveis.

– Eg føler at eg er i ein heilt vanleg frisørsalong. Eg ser det heng nokre lappar som forklarer kva ting heiter, men elles har eg ikkje lagt merke til noko anna, seier Kambestad.

For rundt i frisørsalongen heng det små lappar med kva dei ulike tinga heiter på norsk, som spegel, vask og hårspray.

Mange av dei ukrainske flyktningane i Ullensvang har frisørutdanning, men det har vore vanskeleg å finna praksisplassar til dei.

Då ein frisørsalong stod tom i Odda, kom ideen om ein gründersalong.

Skilt utanfor gründersalongen i Odda.

Som eit prøveprosjekt har det blitt oppretta ein gründersalong i Odda.

Foto: Tale Hauso / NRK

Manglar frisørar

I Noreg er det stort behov for frisørar. Det er ei nedgang i unge som vil inn i fagutdanninga, og mange stadar er det difor vanskeleg å få tak i utdanna frisørar.

Tal frå Norske frisør- og velværebedrifter viser at det er eit stort fråfall når elevane skal bli lærlingar. Opp mot 30 prosent av elevane fullfører ikkje læretida.

Administrerande direktør Anne Mari Halsan i Norske frisør- og velværebedrifter meiner at alle tiltak som kan avgrensa mangelen på frisørar er vel mottatt, så lenge det er kvalitet i så vel utdanning som arbeidslivskunnskap.

– Det er noko vi så langt har opplevd å vera på plass i dei tilpassa opplegga for ukrainarar som i dag er etablert landet rundt, seier Halsan.

Nataliia Shtanko og Olav Simon Kambestad på gründersalongen i Odda.

Frisør Nataliia Shtanko og kunde Olav Simon Kambestad i gründersalongen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Håpar å få seg jobb

Målet med gründersalongen er at frisørane skal bli flinkare i norsk – og etter kvart kunna starta noko sjølv.

Salongen er ein del av gründerhjelpa som skal hjelpa innvandrarar å starta sin eigen bedrift, og som er finansiert av statsforvaltaren.

Prosjektet er eit samarbeid mellom Verksemd for inkludering og Næringshagen i Ullensvang.

– Det er jo ein super plass å prata med kundane og læra språket, seier kunde Kambestad.

Evy Lunde i Norske frisør- og velværebedrifter avdeling Vestland har vore mentor i frisørfaget i gründersalongen i Odda.

– Dei er kjempeflinke frisørar, så eg tenkjer at dette er vinn-vinn. Det er eit kjempebra tiltak for å integrera, i tillegg til at vi treng frisørar, seier Lunde.

Donasjon i gründersalongen i Odda i Ullensvang.

Kundane som kjem kan velja å donera pengar om dei vil. Då går pengane til drifta av salongen.

Foto: Tale Hauso / NRK

Stor utvikling

I startfasen har salongen hatt ope to dagar i veka med drop-in-timar, og vil etter kvart utvida opningstidene. Det er ingen faste prisar. Dei som kjem kan velja å donera pengar om dei vil, som då går til drifta av salongen.

Irene Gautestad Bu er avdelingsleiar i Verksemd for inkludering i Ullensvang. Ho ser at dei ukrainske frisørane allereie har hatt ei stor utvikling frå prosjektet starta for nokre veker sidan og fram til no.

– Dei har blitt tryggare og meir motiverte, i tillegg til at dei er blitt mykje flinkare i norsk, seier Bu.

Prøveprosjektet med gründersalongen skal gå over tre månadar. Men håpet er at dei vil få økonomisk støtte til å kunna fortsetja prosjektet vidare.

Irene Gautestad Bu er avdelingsleiar i Verksemd for inkludering i Ullensvang.

Irene Gautestad Bu er avdelingsleiar i Verksemd for inkludering i Ullensvang.

Foto: Tale Hauso / NRK