Hopp til innhold

Ukrainarar gir folkevekst i Noreg – Nina (31) vil gi noko tilbake

Folketalet i Noreg gjorde eit byks i andre kvartal, takka vere ukrainske flyktningar. I Årdal vil Nina Isaieva gjerne få gi noko tilbake.

Nina Isaieva og sonen

Nina Isaieva (31) og sonen Georgiy på byttesentralen i Årdal.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Som flyktningar har me ikkje så mykje, men me har tid og ledige hender. Då ville me gi noko tilbake til lokalsamfunnet som har teke i mot oss så fint.

Nina Isaieva finn fram ei barnebok frå bunken av bøker dei har samla inn, og gir til sonen Georgiy (1,5). Imens rekk Nina å pakka ut eit par nye klesplagg i det vesle lokalet i sentrum av Årdalstangen.

– Me vil gje klede og ting nytt liv. Her kan dei som vil koma å finna seg det dei treng, seier ho.

Her har ho og fem andre flyktningar frå Ukraina opna ein byttesentral, der dei som vil kan både levera og henta klede, sko, barnebøker og liknande.

Staggar folketalsnedgangen

I fråflyttingskommunen Årdal er det til no komme ni ukrainske flyktningar. Kommunen har sagt seg villig til å ta i mot 55 – uavhengig av nasjonalitet.

– Det betyr utruleg mykje for oss og for alle andre kommunar som strevar med folketalet. Vi hadde nedgang i begge dei første kvartala i år, så alle monnar dreg, konstaterer Hanne Stedje

Tilflyttarkontakten i Årdal kommune er over seg av begeistring for kor driftige dei nykomne ukrainske damene er.

Byttesentralen i Årdal

I løpet av berre nokre dagar var byttesentralen i Årdal, drive av fem ukrainske kvinner, stabla på beina.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi må berre få applaudere og rose. Når dei kjem til oss og ber om å få lov til å bidra, så må vi sjølvsagt takke ja!

Medan kommunen i Indre Sogn gler seg over å dempe folketalsnedgangen, har ukrainske flyktningar nasjonalt bidratt til folkevekst.

Det samla folketalet i Noreg gjorde eit uvanleg stort byks og auka med 20.000 menneske i andre kvartal i år, trass i fødselsunderskot. I hovudsak på grunn av dei ukrainske flyktningane, konkluderer SSB.

Etter eit halvt år med krigføring har 24.000 ukrainarar søkt asyl i Noreg, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). Til no er 16.000 av dei blitt busette rundt om i Noreg, viser tal frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi).

Kleda som hopa seg opp

Nina Isaieva vart vekt av mannen då russiske styrkar angreip Kyiv den 24. februar. Den vesle familien søkte ly i ein kjellar.

Etter nokre veker flykta ho, sonen og mora til Noreg via Polen. Først til Oslo, så til eit mottak ein annan plass i Noreg, før dei kom til Årdal i midten av mai. Mannen måtte bli att i heimlandet.

– Her er det trygt og stille. Me kan sova i trygge hus. Det er det viktigaste.

Redningsmannskaper leter i utbomba boligblokk

Utbomba hus i Kyiv. Hovudstaden i Ukraina har vore utsett for harde åtak.

Foto: håvard greger hagen / nrk

Etter krigen braut ut har det kome ein jamn straum av klede og sko til flyktningsentralen i Årdal. Dei som har flykta hit har fått det dei treng, og det har hopa seg opp på kontoret til flyktningtenesta i kommunen.

Då bestemte Nina og dei andre frå Ukraina seg for å ta saka i eigne hender. Dei opna ein byttesentral.

– Me har sakna eit system for det med klede og sko her. Så dette er to fluger i ein smekk: Både at dei verkeleg ønskjer å gi tilbake til årdalssamfunnet, men også miljø- og gjenbruksbiten av å gjera noko slikt, seier Hanne Stedje på tilflyttarkontoret, som i løpet av eit par dagar hadde funne eit ledig lokale.

Byttesentralen i Årdal
Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Viktig for sjølvkjensla

Ein som har sett på integrering av flyktningar og nytten dei kan gjere i samfunnet, er Jan-Paul Brekke. Forskingsleiaren ved Institutt for samfunnsforsking har forska mykje på flukt, migrasjon og integrering.

Han meiner det er viktig for flyktningane si eiga sjølvkjensle å kunne bidra, vera til nytte og å produsere noko.

– Me får mykje ut av det å jobba. Det er rutinar og aktivitet og ein normal kvardag. Me knyter band, føler me gjer noko nyttig, me får eit nettverk, lærer språk og forstår korleis samfunnet fungerer gjennom å jobba, seier Brekke.

– Og i tillegg til å gjera noko for samfunnet, så vil det vera viktig for deira eiga sjølvkjensle å bidra, held han fram.

Gav bort kleda sine heime

Då Nina, sonen og mora flykta, pakka dei berre med seg det viktigaste. Dei fleste kleda vart att i klesskapet heime i leilegheita.

– Eg bad mannen min om å ta mange av kleda mine heime og gi til folk som treng det i Ukraina. No kan me gjera noko av det same her, seier ho.

Dei har ope tre timar kvar ettermiddag og tre timar kvar laurdag føremiddag. Det gir dei også ein gyllen moglegheit til å bli meir kjende med dei lokale.

– Me er veldig takksame for alt kommunen og Noreg har gjort for oss. Så me vil gjera noko tilbake for å bli ein del av lokalsamfunnet

Nina Isaieva og sonen

Fotoshoot var ikkje det Georgiy var mest ivrig på. Etter eit par bilete gav han klart uttrykk for at no var det andre ting han heller ville gjera.

Foto: Sondre Dalaker / NRK