Hopp til innhold

Ukrainas ambassade overrekte gåve til Lærdal kommune

Det offisielle Ukraina overrekte laurdag ei offisielle gåve til Lærdal kommune som ein takk for bygda sitt engasjement for det krigsramma landet.

Den årlege veteranfotballturneringa i Sogn får i år besøk av spelarar og lag frå Ukraina. Spelarane har vore involvert i krigen på ulike måtar, og alle har fått løyve til å reisa til Norge og delta i turneringa. Innsamlingsaksjonen «Fotball for Ukraina», med offisiell støtte frå Norges Fotballforbund, skal samla inn pengar til humanitære formål i Ukraina.

Liliin Honcharevych, chargé d'affaires ved den Ukrainske ambassaden, overrekte på vegner av det offisielle Ukraina ein seksjon med ukrainsk litteratur til folkebibiloteket i Lærdal. Varaordførar Jan Olav Fretland (SV) tok i mot på vegne av Lærdal kommune.

Chargé d'affaires Liliin Honcharevych ved den Ukrainske ambassade overrekte ei gåve til Lærdal kommune ved varaordførar Jan Olav Fretland lørdag 28. januar 2023.
Foto: Jan Christian Jerving