Uhell under landing på flyplass
Politiet har rykka ut til Os flyplass i Bjørnafjorden kommune, etter at det har vore eit uhell med eit fly. Flyet skal ha sklidd ut under landing på småflyplassen ved Ulven. Det er ingen personar som har kome til skade, men flyet har materielle skadar.