Ingrid Edvardsen er sikker på kva som er årsaka til sprekkene i huset hennar. - Det er skytinga, for det ramlar og skramlar. Det smell slik at det er heilt forferdeleg, fortel ho.
Store mengder stein
Frå huset til Ingrid Edvardsen ser ein rett over Ulvesundet til det nye industriområdet på Trollebø. Det som tidlegare var ein fjellknaus, er no eit gapande stort sår i fjellet. For i over eitt år har dei sprengt ut store mengder stein for å gje plass til eit 60 mål stort industriområde med ei 200 meter lang hamn.
Skeive bilete
Også Bjørg Barmen som bur like ved har fått fleire nye sprekker i huset sitt. - Eg har aldri hatt så mykje sprekker på huset mitt før. Dei har kome i løpet av siste året. Eg trur dei kjem av at grunnen under huset ristar. Bileta heng skeive, og det klirrar i skapa, seier ho.
- Usannsynleg
Sprenginga er utført av ein lokal entreprenør på oppdrag for Johs J. Syltern som er ansvarleg for prosjektet. Dagleg leiar Øystein Syltern meiner det heile er usannsynleg.
- Vi har vanskeleg for å tru at det har oppstått sprekker i hus på så lang avstand, seier Syltern. Han seier dei gjorde målingar ved Domstein sitt anlegg som ligg like ved anleggsområdet utan at ristinga var uforsvarleg. Likevel vil dei no undersøke saka.
Håpar på hjelp
Ingrid Edvardsen håpar no at forsikringsselskapet skal hjelpe, for ho har ikkje råd til å utbetre skadane sjølv. - Om eg må betale sjølv, må det berre stå slik. For eg har ikkje råd til å byrje med dette, seier Edvardsen.