Hopp til innhold

UDI set pris på engasjementet for Ogba

UDI lovar ingenting, men syns det er fint at Jølster kommune prøvar å gjere livet betre for Ogba Asfhe som har sitte i asylmottak i 26 år.

Ogba

RØRT: Jølster kommune har teke initiativ til å opprette ein enkelt mottaksplass slik at Ogba Asfhe kan bli buande i kommunen. Ogba seier ho synest det er heilt fantastisk å sjå at folk bryr seg om henne.

Foto: Oddmund Haugen

– Lagnaden hennar har ført til at ho har vorte ein kasteball i asylinstituttet. Først i Tyskland, også i Noreg. Ho har hamna i ei juridisk klemme som gjer at ho har sitte i mottak i over 26 år, seier ordførar i Jølster Oddmund Klakegg.

Oddmund Klakegg foran Førde rådhus

ENGASJERT: Ordførar i Jølster, Oddmund Klakegg, vil at Ogba Asfhe skal få bu i Jølster etter at mottaket i bygda vert lagt ned.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Han snakkar om Ogba Asfhe. 67-åringen frå Eritrea som dei siste seks åra har hatt adresse på asylmottaket på Vassenden. Asfhe kjem opphavleg frå Eritrea. Ho fyller ikkje kriteria til å få asyl og opphald, men kan heller ikkje returnerast til heimlandet. No er mottaket i Jølster i ferd med å bli lagt ned og Ogba kan når som helst få beskjed om at ho må pakke kofferten sin og flytte. Viss ikkje Jølster kommune får i stand ei anna løysing.

– Vi vil, av humanitære årsaker, søke UDI om å få opprette ein enkelt mottaksplass slik at Ogba kan få bu i ei leilegheit her i Jølster fram til situasjonen hennar er avklara, seier Klakegg som synest Ogba er i ein fortvilande situasjon om ho må flytte endå ein gong.

Fint med engasjement

Saka, som først var omtalt i Firda, har engasjert mange. Assisterande regiondirektør for UDI Region Vest, Sissel Mehammer, er berre glad for at folk bryr seg.

Sissel Mehammer

PRØVAR: Assisterande regiondirektør for UDI Region Vest, Sissel Mehammer, seier dei prøvar å legge til rette for at asylsøkjarar ikkje skal måtte flytte unødig ofte.

Foto: Alrik Velsvik

– Det er veldig fint at folk engasjerer seg i korleis mottaksbebuarar har det, seier Mehammer.

Ho fortel at det finst ei moglegheit for å opprette ein alternativ mottaksplass for ein bebuar om dei rette kriteria ligg til grunn.

– Det kan blant anna handle om helse, eller at deler av ein familie alt har fått opphald. Vi må vurdere kvart enkelt tilfelle for seg seier ho.

Mehammer fortel at UDI endå ikkje har fått noko brev frå Jølster kommune, men ho lovar at dei vil behandle det raskt når det kjem.

Endeleg sett

Mottaksleiar ved Jølster mottak, Grete Apelseth, er glad for at politikarar og bygdefolk engasjerer seg for Ogba.

Grete Apelseth

SETT: Mottaksleiar ved Jølster mottak, Grete Apelseth, er glad for at folk ser at situasjonen til Ogba Asfhe ikkje er haldbar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er flott at nokon endeleg ser ho. Kanskje dette kan opne auga til folk slik at dei ser kor lite verdigheit vi ofte behandlar folk med her til lands, seier Apelseth engasjert.

Ho meiner at det ville vere heilt fantastisk for Ogba om kommunen kunne gi ho ei fast adresse, og fortel at Ogba set stor pris på engasjementet.

– Ho ler og gret om kvarandre når ho høyrer engasjementet folk har for henne, seier Apelseth.

Rørt av engasjementet

Ogba fortel at hennar største ønskje vil gå i oppfylling om planen til kommunen lukkast.

– Det å ha ein sofa å sitte i og å kunne invitere folk på ein kopp te ville vore heilt fantastisk. Tenk om eg kunne presentere heimen min utan å ha ei kjensle av skam, slik eg har no når nokon kjem inn og sit i senga mi. Det hadde vore veldig fint, formidlar Ogba Asfhe til NRK gjennom mottaksleiar Apelseth.