Uavgjort mellom Sogndal og Åsane
Stillinga vart 1–1 då Sogndal fekk besøk av Åsane på Fosshaugane Campus laurdag. Etter ein mållaus førsteomgang fekk Sogndal eit mål annullert for offside etter 51 minutt, men like etter, i det 58. minutt stanga Martin Sjølstad (arkivfoto) ballen i mål etter eit innlegg frå Jónatan Ingi Jónsson.
Men Åsane reduserte etter 76 minutt. Kristoffer Larsen sende eit innlegg mot bakre stolpe som Sindre Austevoll skaut i mål.