Eit sterk svekka Sogndal-lag gjesta Sandnes søndag ettermiddag. Både Tommy Øren, Ulrik Flo, Tomas Ness, Harald Stormoen, Håvard Flo og Eivind Daniel Røed var anten skadde eller sjuke, og var ikkje aktuelle for spel.
SJÅ: Høgdepunkta frå Sandnes Ulf - Sogndal.
Burde vunne
Men sjølv om Sogdal stilte veldig redusert, var laget frå saftbygda strået kvassare og burde vunne kampen. Sogndal hadde både det meste av banespelet og dei fleste sjansane.
- SJÅ:
Even Hovland hadde god kontroll i forsvaret og var Sogndal sin beste spelar. Sandnes Ulf kunne imidlertid også gått sigrande ut av oppgjeret. Laget hadde ein kjempesjanse på overtid, men Morten Eriksen skaut midt på keeper frå kort hald.
Sju poeng på fire kampar
Sogndal står med sju poeng på fire kampar, etter å ha vunne mot Ranheim og Alta, tapt mot Sarpsborg 08 og spelt uavgjot mot Sandnes Ulf.
- LES OGSÅ: