Hopp til innhold

Uansett kor mykje grisane et, så er matsvinnet nøyaktig det same

ANGEDALEN (NRK): Desse grisane et avfall frå daglegvarebutikkane, men det betyr ikkje noko for svinnet. Forklaringa er at matsvinn er definert som mat som ikkje blir ete av menneske.

Grisar et matsvinn i Angedalen i Førde

LIKAR BOSS: Grisane i Angedalen et matsvinn frå matbutikkar i Førde sentrum.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Druer er favoritten, seier Gaute Heggvold.

– Og bananar, legg han til.

Han står bøygd over grisane på Angedal gard, som to dagar i veka får overskotsmat frå daglegvarehandlar i Førde sentrum.

Frukt, grønt og brød er blant varene som vert samla inn, og dumpa hos grisen. Dei et alt, seier Gaute.

Iallfall nesten.

– Ikkje chili og lauk. Det er det einaste dei ikkje vil ha.

Gaute Heggvold med grisane på Angedal gard.

ALT I GRISEN: Frukt, grønt og brød er blant varene som vert samle inn, og dumpa hos grisen på Angedal gard. Dei et alt. Unntatt chili og lauk, seier Gaute Heggvold.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

– Korresponderer relativt godt

– Å bruke matsvinn som dyrefôr er ein flott måte å utnytte ressursane, seier Aina Elstad Stensgård, som er forskingsleiar hos NORSUS, Norsk institutt for bærekraftforsking.

Ironien er at grisen ikkje reduserer matsvinnet – uansett kor mykje han måtte ete. I allefall i rekneskapen til myndigheitene.

Forklaringa er at matsvinn er definert som mat som ikkje blir ete av menneske.

Også andre metodar for å rekne på matsvinn, vekkar debatt. For kva vil det eigentleg seie at matsvinnet vert redusert? Kva er det som blir målt?

Matsvinnet frå butikkane går i grisen

GLADE GRISER: Søppel for butikken, men vekas høgdepunkt for grisene.

Foto: Oddmund Reisæter Haugen / NRK

I januar skrev NRK at fleire av kjedene vil halvere matsvinnet «fem år tidlegare enn avtalt», altså i 2025.

– Vi er på god veg, sa Signe Bunkholt Sæter, kommunikasjonssjef for berekraft i Norgesgruppen, som har redusert matsvinnet med 30 prosent sidan 2015.

I deira tilfelle vert reduksjonen målt etter formelen «verdi av mat kasta / verdi av mat selt».

– Å måle i verdi korresponderer relativt godt med CO₂-avtrykket på svinnet, seier Sæter.

Hos Meny bruker dei same metode.

– Det er ein fin måte å illustrere at mindre matsvinn gjer ein betydeleg forskjell i eit miljørekneskap, seier kommunikasjonssjef Nina Horn Hynne til NRK.

– Metoden fører til unødvendig matsvinn

«Matreddar» og grunnleggjar av appen Foodlist, Tomas Elton Haug, meiner denne metoden for å rekne ut matsvinn har klare svakheiter:

– Daglegvarekjedene slit med å redusere matsvinnet på frukt/grønt og bakevarer. Da er det mest gunstig å vise til reduksjon på dei varene som har høgast verdi, slik som kjøtt kylling og andre ferskvarer, seier han.

Han meiner resultatet er eit rekneskap som ser finare ut enn det er grunnlag for.

– Det er ein forståeleg strategi, men butikkane vel då ein strategi som fører til unødvendig matsvinn.

Også leiar i Noregs bondelag, Lars Petter Bartnes, meiner det er kiloa som må teljast:

– Vi er opptatt av å nå måla for redusert matsvinn, og da er det reduserte tonn som skal teljast, uavhengig av type mat, seier han.

Desse grisane et avfall frå matbutikkane, men det betyr ikkje noko for matsvinnet. Forklaringa er at matsvinn er definert som mat som ikkje blir ete av menneske.

Desse grisane et avfall frå matbutikkane, men det betyr ikkje noko for matsvinnet. Forklaringa er at matsvinn er definert som mat som ikkje blir ete av menneske.

– Dessverre vanskelegare å regne på

– Klimafotavtrykk som metode for å rekne på matsvinn er «ikkje dumt», seier Aina Elstad Stensgård i NORSUS.

Ho presiserer likevel at eit strengt klimagassutslepp ikkje åleine fangar opp alle problema knytt til matsvinn.

– Arealbruk, biologisk mangfald, og fosfor-, nitrogen og vassforbruk er andre viktige miljøutfordringar. Dessverre er disse vanskelegare å rekne på. Dermed ender vi ofte opp med å bruke klimafotavtrykk – som berre tek opp ein del av problemet.

Hos NORSUS bruker dei difor tre nøkkeltal for matsvinn: mengde (kg), økonomisk tap, klimafotavtrykk.

– Dette gjer vi for å prøve å sjå matsvinn i eit større bilete, men heller ikkje dette viser alt.

Ho ser at det å vektlegge klimafotavtrykk framfor kilo er med å bestemme kva slags matsvinn som blir prioritert (kjøtt framfor frukt og grønt), men legg til at argumentet slår begge vegar:

– Motsett kan du seie at incitamentet for å redusere klimaintensive varer blir redusert ved bruk av kilo som måltal framfor CO₂.

Anja Bakken Riise på Tøyen i Oslo

RIKTIG: – Det er riktig og viktig å gi høy prioritet til å redusere svinnet av kjøtt og fisk framfor for eksempel korn og brød, seier Anja Bakken Riise,

Foto: Gunhild Hjermundrud / Gunhild Hjermundrud

– Riktig å prioritere kjøtt

Sætre i Norgesgruppen peikar på det same.

– Vi meiner det er riktig å måle matkastinga i miljøavtrykk, og ikkje i kilo, seier ho.

– For eksempel går det med mange kilo korn/soya for å produsere 1 kilo kjøtt. Det vil derfor vere feil ikkje å prioritere reduksjon i kjøttkasting framfor kasting av brød.

Det same seier Anja Bakken Riise, som er leiar i Framtiden i våre hender.

– Svinnet skal ned over hele fjøla. Men det er riktig og viktig å gi høy prioritet til å redusere svinnet av kjøtt og fisk framfor for eksempel korn og brød, ettersom CO₂-avtrykket er størst hos fyrstnemnde.

Attende i Sogn og Fjordane er leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, klar på at grisen speler ei uvurderleg rolle – «innanfor reglane til Mattilsynet» og uansett korleis «matsvinn» vert definert.

– Grisen har heilt klart ei rolle for at vi i staden for å kaste mat, kan utnytte det til dyrefôr, seier han.

Anders Felde i fjøsen

HEIA GRISEN. Leiar i Vestland Bondelag, Anders Felde, klar på at grisen speler ei uvurderleg rolle – uansett korleis «matsvinn» vert definert.

Foto: Ola Weel Skram / NRK