Hopp til innhold

Tyssedal-familien får aldri flytta heim til rasutsett hus

Tidleg på morgonen 20. april hagla det steinar rundt huset deira då det rasa frå den stupbratte nuten ovanfor Tyssedal i Hardanger. Sidan den dagen har sambuarparet Inger Marie Tjordal og Frode Høyland og dei to sønene vore evakuerte frå heimen sin.

Onsdag fekk dei den endelege beskjeden. Geologane, Ullensvang kommune og politiet tilrår at familien flyttar ut frå huset sitt for godt.

– Å få den stadfestinga, at alt håp er ute, er tøft. Livet smiler ikkje akkurat no, seier Inger Marie Tjordal til BT.

Ho seier det eigentleg var som venta, og at ungane ungane tykkjer det er trist og leit.

Det var totalt 29 personar i fire hus som måtte evakuerast etter at raset gjekk. 15. mai fekk dei 25 andre flytta inn i husa sine att.