Tyskaren som sat og pilka ute på fjorden vart brått riven ut av fiskeidyllen då ein annan båt kom forbi.
Den raske båten som passerte hadde så stor fart at den tyske fiskaren vart kasta ut av båten sin og måtte klamre seg til farkosten.
Stakk av
Føraren av den raske båten køyrde vidare utan å hjelpe tyskaren.
Folk på land såg imidlertid kva som skjedde og varsla politiet.
Den uheldige fiskaren vart berga på land av folket som oppdaga den stygge forbikøyringa på fjorden.
Politijakt
Medan mannen vart berga iland tok politiet opp jakta på den unge mannen som hadde stukke av frå ulykkesstaden.
Tips frå publikum gjorde at båtføraren vart pågripen ein knapp time etter påkøyringa.
Mannen sat då på ein buss på veg ut av området.
Straffesak
Mannen vart brakt til lege på Husnes for blodprøve, seier operasjonsleiar, Per Stiegler, i Hordaland politidistrikt til NTB.
Det er mistanke om at båtføraren hadde promille.
- Det blir uansett ei straffesak av dette fordi mannen bare forlot ulykkesstaden i stor fart etter kollisjonen, seier Stiegler.