Hopp til innhold

Tysk ektepar gjekk seg vill i snøvêr – rosar norske frivillige etter 18 timar i fjellet

Det som skulle vere ein etterlengta tur i Stølsheimen for det tyske ekteparet, enda med ein dramatisk redningsaksjon i norsk vintervêr.

Redningsakson

I VARMEN: Barbara (71) og Jochen (79) Kuhnen vel tilbake i hytta etter den krevjande fjellturen.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Vi er framleis litt fuktige, seier Barbara Kuhnen (71).

Under vedomnen i huset dei leiger i Fjærland i Sogn, står fjellskoa til paret framleis til tørk.

Den rolege dagen står i sterk kontrast til marerittet dei opplevde natt til tysdag.

I kraftig vind og snøvêr, etter 18 timar og ei natt i det snødekte høgfjellet, blei ekteparet redda ut av frivillige.

– Stien var usynleg. Det var umogleg å sjå, understrekar 71-åringen.

Redningsaksjon Åsedalen

ENDELEG REDDA: Då mannskapen kom fram hadde paret vore på tur i 18 timar.

Foto: Asbjørn Brekke

– Stien blei usynleg

Det fjellvande ekteparet frå Tyskland la ut på tur på Vikafjellet måndag morgon.

Dei skulle gå frå hytte til hytte, ein tur dei hadde planlagt i lang tid.

Paret har kome attende til Fjærland i mange år, og er godt kjende med den norske naturen. Men denne gongen opplevde dei å vere makteslause i møte med naturkreftene.

Etter å ha sjekka vêrmeldinga forventa dei regn, men i løpet av dagen gjekk regnet over til snø.

I løpet av kort tid vart det umogleg å orientera seg. I tillegg blæs det opp.

Då mørket seig på, fann dei ut at det ikkje var forsvarleg å fortsette vidare inn i natta.

– Ein tenker på kor lenge skal det gå og om vi held ut, fortel ektemannen Jochen, som fyller 80 år i haust.

Kjempa seg opp i natta

Måndag kveld klokka 21 fekk politiet den første telefonen frå det eldre ekteparet.

Då rykka redningsmannskapet frå Røde Kors ut. Samtidig rykka hovudredningssentralen ut med helikopter.

Ti personar frå hjelpekorpset og ein hundeekvipasje frå Norske Redningshunder kjempa seg oppover fjellet i natta.

Ekteparet, som hadde vore på tur sidan klokka ti om morgonen, fekk beskjed om å halde seg i ro og prøve å halde varmen utover nattetimane.

I mellomtida gjekk redningsaksjonen føre seg med full styrke.

Snøvêr, dårleg sikt og vanskelege landingsforhold gjorde at redningshelikopteret som var sett inn ikkje kunne landa.

Paret var tomme for vatn og heldt energien oppe med eple og rosiner.

Helikopteret oppdaga paret, og kunne gi leitemannskapet ein nøyaktig posisjon.

Først klokka 04:22 på natta kom redningsmannskapa fram. Då blei ekteparet tekne med til ei hytte før dei blei floge ned att frå fjellet med helikopter på morgonkvisten.

– Då vi fann dei var dei sjølvsagt litt medtekne og kalde, seier Knut Mykkeltvedt i Vik Røde Kors til NRK.

Åsedalen i Stølsheimen

HALSETDALEN: I dette området var ekteparet på veg frå hytte til hytte.

Foto: DEN NORSKE TURISTFORENING

Turlaget var uroa

Leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag, vart svært uroa då ho fekk beskjeden om det sakna ekteparet.

– Det er veldig kjekt når det går bra, men dette viser òg at det er farleg å gå i fjellet om ein ikkje er førebudd, poengterer Ødven.

Ho minner om kor viktig det er å ha kart og kompass med på turen.

Dersom du framleis har fungerande telefon når uhellet er ute, kan 113-appen sørge for at du har ein GPS-posisjon som kan hjelpe leitemannskapet, seier Ødven.

No når dagane vert kortare, kan ein refleksvest i sekken også gjera det lettare å finne deg.

– Fjellet er fantastisk, men det krev og at vi har respekt og er førebudde.

Fjærland

NOREGSTURISTAR: Ekteparet har feriert ved Fjærlandsfjorden i ei årrekkje. Rundturen frå hytte til hytte hadde blitt utsett på grunn av korona, så denne hausten var dei ivrige etter å gå.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Rosar hjelpemannskapa

Tilbake i Fjærland får ikkje ekteparet rosa alle som hjelpte dei nok.

– Dei var fantastiske. Det viser stor innsatsvilje å gå til fjells på natta for å leite etter nokre bortkomne folk, seier Barbara.

No skal dei ha ei roleg veke ved fjorden, før turen går tilbake til Tyskland. I denne omgangen vert det nok ikkje fleire fjellturar.

– Nei, no blir det fisketur, seier ekteparet lattermildt.