UV-strålinga er nemleg ekstra kraftig no.
Årsaka er at ozonlaget i stratosfæren er litt tynnare no enn til vanleg. Dermed slepp meir solstråling igjennom til atmosfæren.
– Er du ute i fleire timar utan å beskytte deg, så blir det ein ganske kraftig forbrenning i huda. Det må vi unngå, for det kan føre til hudkreft, seier Lill Tove Nilsen, fagdirektør i Direktoratet for strålevern og atomtryggleik (DSA).
Sankthans og høgt til fjells
No rundt Sankthans står sola høgast på himmelen og gir frå seg store mengder UV-strålar.
Sjølv om det er ekstra mykje UV-stråling denne veka, så er dette ei åtvaring som gjeld heile sommaren.
Ikkje minst om du har tenkt deg til fjells når sola steiker – der er strålinga enda sterkare.
– Det kan få alvorlege konsekvensar. Det er over 300 som døyr kvart år av føflekkreft. Det er også andre typar hudkreft som må behandlast.
VIKTIG: Bruk solkrem, gjerne dobbelt opp, for å beskytte deg mot den sterke UV-strålinga.
Foto: Anette Torjusen / NRKStråling på høgt nivå
Torsdag blei det målt UV-stråling på faregrad seks, noko som er svært høgt til å vere i låglandet i Noreg.
Knallvêret held fram i Sør-Noreg også dei komande dagane. Temperaturane vil passere godt over 30 grader mange stader.
I Storbritannia har meteorologane gått så langt at dei åtvarar folk om å vere ute midt på dagen denne veka.
Der ligg farenivået på grad åtte midt på dagen no. Prognosane spår at UV-strålinga kan nå eit sjeldan høgt nivå, skriv avisa Evening Standard.
UV-stråling blir målt på ein indeks frå 1 til 11 +, der ein er svakast.
Fire gode smøreråd
Ho har gode tips til dei som vil føle seg trygge i det vakre solskinet:
- Bruk rikeleg med solkrem med høg faktor.
- Smør først inn ein gang, la det tørke inn, så smør du på ein gang til. Det har vist seg å vere veldig effektivt.
- Ta på deg ei skjorte, solbriller og noko på hovudet.
- Dekk til huda der du er mest utsett for stråling.
– Mange tenker nok at sola ikkje er så sterk i Noreg som om du drar til land lenger sør. Den er svakare i Noreg, men sola er meir enn sterk nok her til at vi blir brent.
STRÅL-ANDE VÊR: Slik er UV-strålinga i Bergen torsdag 25. juni.
Foto: DSA.noEige UV-varsel
Lill Tove Nilsen i DSA slår fast at du kan utvikle hudkreft lenge etter at du blei solbrent.
– For kvar gong du får ein solskade, så blir det lagra i huda, og til slutt kan det føre til utvikling av hudkreft.
Meteorologisk institutt har saman med DSA no utvikla eit eige UV-varsel på Yr-appen, der du får informasjon om solstrålinga i sanntid og utover dagen.
– Sjølv om det er overskya når du sjekkar varselet, så er det viktig at å hugse at skyene fort sprekker opp og slepper den sterke sola til, seier Nilsen.
TYDELEG VARSEL: På Yr-appen får du no direkte oppdatering på korleis UV-strålinga er der du er.
Foto: Yr.no