Hopp til innhold

Twittring tek av på fylkestinget

Fylkespolitikarane har denne veka stadfesta at dei for alvor har kasta seg på trenden med å vere aktive på sosiale medium.

Fylkestinget desember 2011

Høgrebenken i ein pause. F.v.: Ole Gunnar Krakhellen, Olin Johanne Henden og Bjørn Erik Hollevik.

Foto: Birthe Johanne Finstad/Sogn og Fjordane fylkeskommune

Under fylkestinget tysdag kunne folk på den sosiale nettstaden Twitter følgje både saklege og litt mindre saklege oppdateringar frå politikarane.

Med 19 oppdateringar om stort og smått, var Karianne Torvanger (Ap) mellom dei mest aktive.

– Det er greitt å kunne nytte dei kanalane eg har for å nå ut med min politiske bodskap, seier ho.

Både twittring og møte

«Klar for fylkestinget» var Ap-politikaren si første melding frå tingsetet. Det skjedde klokka 10.

Twitter-profilen til Karianne Torvanger.

ONSDAG: Det var også onsdag bevegelse på Twitter-profilen til Karianne Torvanger (Ap).

Foto: Skjermdump Twitter

Deretter gjekk det slag i slag for dei ulike politikarane. Medan ein politikar stod på talarstolen, sat andre i salen med mobilen i handa og melde det vidare via sosiale nettverk på internett. Torvanger og fleire med henne opp med titals oppdateringar under Fylkestinget.

– No er jo på ein måte sosiale media komen for å bli, og ein må på ein måte finne ei form som gjer at det går an å drive med det samstundes som ein er i møte og slikt, seier ho.

Oppdaterer undervegs

Høgre-politikar Ole Gunnar Krakhellen la ut 18 meldingar under den første dagen av tingsetet. Han meiner politikarar klarer å følgje debatten trass i aktiviteten på sosiale medium.

– Det trur eg det ikkje er noko tvil om. Det er trass alt stort sett relatert til sakene vi handsamar også, seier han.

Tidlegare har mellom andre Tor Bremer for å chatte om sokkesig på Facebook under fylkestinget , og for eit utspel på same nettsamfunn om klimakrisa .

– Eg har telefonen. Eg kan ta eit bilete når det blir utdelt pris, og eg kan dele det ut til dei som følgjer meg så kan dei få oppdatering undervegs, fortel Krakhellen.

Skrytte av kvarandre

Dei aller fleste oppdateringane tysdag var knytt til det som faktisk skjedde under tingsetet på Leikanger.

Politikarane skreiv om vedtak og skrytte av kvarandre sine innlegg.

– Vi må sende ut eit par smådryp om kva vi balar med her inne på fylkeshuset, meinte Krakhellen.

Fekk kritikk

Under valkampen kritiserte NRK politikarar for å i liten grad nytte seg av dei moglegheitene som sosiale medium gjev. Under tinget var minst fem av 39 politikarar svært aktive.

– Har jo i dag også utfordra fylkesordføraren frå talarstolen på å bli meir aktiv på Twitter og eg håpar vi klarer å fikse det i løpet av tingsetet, seier Torvanger. Som sjølv avslutta twittringa klokka 18 tysdag kveld.

«Urutinert å gå tom for straum», var siste melding.