Twitter-inspirasjon vert bokdebut

Har du tenkt på at Twitter-meldinga di kan bli til dikt? Det har 24 år gamle Kjersti Wøien Håland. Dei korte dikta har blitt til bok og er ein av 22 bokdebutar i år.


Kjersti Wøien Håland

BOKDEBUTERER: Kjersti Wøien Håland er ein av 22 bokdebutantar i vår med ei Haiku-inspirert diktsamling.

Foto: Privat

– Eg fant ut at dikta mine vart betre dess meir tekst eg fjerna. Til slutt var dei veldig korte, seier bokdebutanten.

Håland kjem frå Høyanger, men bur i Oslo. Ho har studert på Westerdals i Oslo og no jobbar ho i ein kaffebutikk. Boka «Kjersti er ein fiktiv person, helsing Kjersti» består av om lag 100 dikt.

Stiller spørsmål ved kva som er ekte

Dikta er inspirert av Haiku-dikt, ei tradisjonell japansk diktform. Formatet derimot minner om dei korte, presise meldingane ein skriv på nettsamfunnet Twitter. No blir dikta bok.

– Dikta handlar om at ein blir sett på ein særskild måte – men korleis klarer ein å sjå seg sjølv slik andre ser? Ein slags paranoia skin gjennom i tekstane, fortel Håland.

Dei kortfatta dikta stiller spørsmål ved kva som er ekte når alt i verda kan kjennast fiktivt. Diktsamlinga handlar om at ho som menneske kjenner seg framandgjort for verda og ynskje om å bli lagt merke til vert stadig større.

Av og til poserar eg

i tilfelle eg blir overvaka

Frå diktsamlinga "Kjersti er ein fiktiv person, hilsen Kjersti"
Kjersti Wøien Håland

GLER SEG TIL BOKA KJEM: Om ikkje lenge er dikta i bokform

Foto: Privat

HØYR KJERSTI LESE EIGNE DIKT I LYDKLIPPET UNDER

God respons frå forlaget

Boka kjem ut i vår og vert publisert av Flamme Forlag. Håland fekk napp på fyrste forsøk når ho sendte inn eit utkast. Forlagssjef, Nils-Øivind Haagensen, likte umiddelbart det han las.

– Det er veldig høgt nivå på dikta hennar. Dei er morosame og leikne, vi ønskte å ha ho i forlaget vårt med ein gong vi las utdrag frå boka, seier Haagensen.

Bokdebutanten har alltid likt å skrive dikt, men i tenåra la ho diktskriving på hylla. Dei siste åra har ho studert på den kreative fagskulen Westerdals i Oslo, og der har ho mellom anna arbeidd med å skrive manus. Etter tre år med studiar på tekstforfattarlinja gjekk ho tilbake til diktskriving.

– Det var jo dikt eg starta å skrive, det var godt å finne tilbake til diktformen att. Det er inga konkluderande form i dikt. Det kjennast heller som spørsmål eg stiller til dei som les dikta, seier ho

Om du har hacka webkameraet mitt

sei det som det er

virkar eg ok?

Frå diktsamlinga "Kjersti er ein fiktiv person, hilsen Kjersti"
Kjersti Wøien Håland

GLER SEG TIL BOKA KJEM: Om ikkje lenge har ho den fysiske utgåva i handa

Foto: Privat

Spent debutant

Bokdebuten vart skriven i løpet av hausten 2012, og no er Håland spent på debuten i vår. Det er ikkje enkelt å seie korleis den litt uvanlege diktsamlinga vert motteken, men ho gler seg til responsen.

– Det er herleg å endeleg ha objektive menneske som skal høyre dikta mine. Eg gler meg til å halde boka i henda og at det ikkje berre er eit dokument på macen, fortel ho nøgd.