Hopp til innhold

Tvillinggutane mista resepten over natta

Ny ordning fører til at familien til Georg og Laurits må betale for medisinen som dei tidlegare fekk. Helse- og omsorgsdepartementet varslar endringar.

Georg og Laurits Larsen

MISTA BLÅRESEPT: Tvillinggutane Georg og Laurits Larsen har autisme. Med tilstanden kjem ei rekkje plager dei får behandling for.

Foto: Privat

– Får eg ikkje medisinen, blir eg veldig sint på skulen. Eg klarer ikkje å fokusere, klarer ikkje å ete, eg klarer nesten ingenting, fortel Georg Larsen frå Måløy i Kinn kommune.

Han og tvillingbroren Laurits har diagnosen autisme.

Etter fleire år med utprøving av forskjellige medikament, har mor og barn i lag med psykiatrane i Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP) funne ein medisin som fungerer.

Men så fekk mor Ragne Larsen ein telefon frå poliklinikken om at dei ikkje lenger vil skrive ut medisinane på blå resept.

No må mora i staden kjøpe medisinen.

– Vi er heldige og har råd til å kjøpe, men kva med alle dei utan råd? Dette er ei prinsippsak, seier ho.

Georg og Ragne Larsen

MISTA RESEPT: Mor Ragne Larsen fekk ein telefon frå Barne- og ungdomspsykiatrisk klinikk om at familien mistar blåresepten på medisinane.

Foto: Privat

Ny ordning har skulda

Bakgrunnen for saka er den nye ordninga som gjer at legar kan bli bøtelagde om dei skriv ut blå resept på feilaktig grunnlag.

Formålet er å minimere utgifter til folketrygda. Ein konsekvens er at legar gjer heilomvendingar i utskriving av medikament.

– Når ordninga gjer at vi risikerer bøter, må vi vere meir rigide. Vi skriv ikkje lenger ut enkelte legemiddel på blå resept som vi veit at pasientane eigentleg treng, seier overlege og barnepsykiater ved BUP på Nordfjordeid, Siri Sandvik.

Siri Sandvik

RIGIDE: – Når ordninga gjer at vi risikerer bøter, må vi vere meir rigide, fortel over overlege og barnepsykiater, Siri Sandvik ved BUP på Nordfjordeid.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Problemet er at den nye ordninga legg til grunn at vurderingane bak medikamentbruk er eintydige, fortel ho.

Men verkelegheita er komplisert, og ofte må legar i tett oppfølging med pasient og eventuelt føresette, prøve ut ulike ting og finne fram til den beste medisinen.

Innanfor barnepsykiatri finst det særskild mange gråsoner. Det er særs få medikament som er førehandsgodkjent for barn.

– Vi må derfor ta større ansvar for behandlinga. Bøter gjer at mange vil kvi seg for å ta sjansar, sjølv om behandlinga fungerer, seier leiar i norsk barne- og ungdomspsykiatrisk foreining, Ingvild Skogen Bauge.

Ho legg til:

– Ein skulle jo tru at samfunnet skulle leggje ekstra til rette for behandling av barn og unge.

Bryt tilliten til legar

No må BUP og Larsen-familien ta opp kampen med etaten Helfo for å få tilbake blåresepten. Det kan ta månadar.

– Vi tenkjer at det er lege og spesialisthelsetenesta som skal yte skjønet og finne fram til kva pasienten treng. Ikkje ein byråkrat som er sette til å forvalte ei lov, seier leiar i autismeforeininga, Anette Drangsholt.

Det er heller ikkje alle som har råd til å kjøpe medisinen, eller ressursar til å byrje ei sak med Helfo, fortel foreiningane.

– Vi er særs bekymra for dei som ikkje har ressursar, dei som ikkje veit korleis ein skal klage eller som ikkje orkar å stå i den kampen, seier Drangsholt.

– Det er pasientane som blir taparane av denne ordninga, seier overlege Sandvik.

Sandvik er også varaordførar for Arbeidarpartiet i Stad kommune, men presiserer at ho uttalar seg som overlege og barnepsykiater i denne saka.

Ap varslar endringar

Bakgrunnen for lovendringa er at Riksrevisjonen i 2015 kritiserte Helse- og omsorgsdepartementet for at det ikkje var nok sanksjonsmoglegheiter mot legar som misbrukar blåreseptordninga.

– Hensikta med gebyret er at legemiddel på blåresept blir skrivne ut i tråd med reglane, skriv Ole Henrik Bjørkholt.

Statssekretær Ole Henrik Krat Bjørkholt (Ap)

VIL ENDRE: Stassekretær i Helse- og omsorgsdepartementet, Ole Henrik Bjørkholt, fortel dei vil gjere endringar i blåreseptordninga.

Foto: Esten Borgos, Borgos Foto AS

Helsedirektoratet understrekar at gebyr først blir aktuelt etter at mindre inngripande verkemiddel først har vore forsøkte. Lovendringa har ført til sterke reaksjonar og også fleire legekontor har stramma inn på bruken av blåresept.

Helse- og omsorgsdepartementet har varsla forskriftsendringar, mellom anna å senke gebyrsatsane. Då ordninga blei samrøystes vedtatt i Stortinget, har ikkje regjeringa høve til å skrote ho.

– Vi er i dialog med Legeforeininga for å sjå på løysingar. Det er ikkje meininga at ordninga skal gi ekstrabelastning for korkje pasientane eller legane, skriv statssekretær Ole Henrik Bjørkholt til NRK.