Hopp til innhold

Børge Tvedt blir konstituert som adm.dir.

Børge Tvedt skal fungere som administrerande direktør i Helse Førde inntil vidare, det har styret i helseføretaket bestemt i dag. – Eg er audmjuk når eg tek på meg oppgåva.

Børge Tvedt

BLIR KONSTITUERT SOM ADM. DIR: Børge Tvedt har sidan i fjor haust vore direktør for psykisk helsevern i Helse Førde. No tek han mellombels over direktørrolla.

Foto: David Kandal / NRK

Tysdag denne veka vart det klart at Jon Bolstad går av som administrerande direktør i Helse Førde. Bolstad har vore toppsjef i helseføretaket i 13 år, men går no til ei ny toppleiarstilling i Sjukehusapoteka Vest.

Arbeidet med å finne ein varig erstattar for Bolstad har allereie starta. Fram til dette er klart er det Tvedt som skal sitje ved roret.

– Eg har ikkje vore lenge i Helse Førde, men eg går inn og gjer ein jobb. Vi har viktige prosessar som skal fullførast, både med prosjektet «Pasientens helseteneste» og med rehabilitering av Sentralsjukehuset og nybygg. Vi vil prøve med alle krefter å få til eit godt samarbeid for dei prosessane vidare, seier Tvedt til NRK.no.

Børge Tvedt kom til Helse Førde i fjor haust, då han vart direktør for psykisk helsevern. Før det var han rådmann i Jølster kommune. Etter at Vidar Vie trekte seg i mars, har Tvedt vore konstituert som viseadministrerande direktør.

Langvarig konflikt

Når Bolstad går av, skjer det etter at det har vore ein langvarig konflikt i helseføretaket. Det byrja med ei varslarsak mot viseadministrerande direktør Vidar Vie, og heldt fram med full mistillit mot heile den sitjande føretaksleiinga frå eit nesten samla tillitsmannsapparat.

Dette resulterte i ekstern gransking, som kom med mild kritikk av leinga i Helse Førde.

– Eg tenkjer at det kan løne seg at nye auge ser på korleis oppgåvene skal løysast, sa Bolstad sjølv om avgjerda om å slutte i Helse Førde.

Dei legetillitsvalde meiner det er eit steg i rett for Helse Førde at Bolstad sluttar.

– Vi må jobbe saman

Tvedt har gjort lynkarriere i helseføretaket, og har på få månader altså teke steget frå direktør for psykisk helsevern til konstituert viseadministrerande direktør, og no til konstituert administrerande direktør.

– Det har gått fort, men samtidig er eg del av eit leiarteam med mange kompetente folk. Saman trur eg at vi skal klare denne jobben.

Han kjenner godt til bakteppet for dei omfattande endringane i leiargruppa, der uro og tillitskrise er stikkord.

– Eg tenker vi må jobbe saman med dei tilsette for å skape god dialog framover. Det blir ein viktig del av oppgåvene mine.

Tvedt går langt i å avvise at han er aktuell for stillinga på varig basis.

– Eg har ein veldig spennande jobb som direktør for psykisk helsevern. Det er spennande å jobbe med å utvikle tenester for dei brukarane og pasientane.

Børge Tvedt og Agnes Landstad

SAMRØYSTES STYRE: Styreleiar Agnes Landstad seier det var eit samrøystes styre som står bak konstitueringa av Børge Tvedt som administrerande direktør.

Foto: David Kandal / NRK

Skal få hjelp utanfrå

Styret i Helse Førde har nemnd opp eit eige utval som skal jobbe med å finne ein ny administrerande direktør.

Agnes Landstad

SEKS MÅNADER: Agnes Landstad, styreleiar i Helse Førde, seier det kan ta inntil seks månader før dei har ein ny administrerande direktør klar.

Foto: David Kandal / NRK

I utvalet sit styreleiar i Helse Førde Agnes Landstad, styrenestleiar Atle Hamar, Helge Bryne frå Helse Vest og to tilsetterepresentantar i Helse Førde, Hans Jacob Westbye og Wenche Kristin Røkenes.

I tillegg er det bestemt at helseføretaket skal leige inn hjelp utanfrå i arbeidet. Det første møtet i tilsettingsutvalet skjer allereie i dag.

– Det skal gjerast ein skikkeleg grundig jobb. Difor har vi eit breitt samansett tilsettingsutval og vi skal knyte til oss eksterne folk, som har eit stort nettverk. Det er viktig at vi får den rette personen på plass, seier styreleiar Agnes Landstad til NRK.no.

Ho seier det erfaringsmessig kan ta inntil seks månader før dei har ein ny administrerande direktør på plass, men håpar det skal gå raskare. Både interne og eksterne kandidatar er aktuelle, seier Landstad.