Hopp til innhold

Vinter-OL og kjendisar skal løfte TV 2

I dag lanserte TV 2 programmet sitt for hausten. Kanalen kallar det neste halve året for det mest interessante i heile mediehusets historie.

OL-teamet til TV2

OL-teamet, frå venstre: Julie Strømsvåg, Carsten Skjelbreid, Davy Wathne, Arill Riise og Annemarta Giske under TV2s høstlansering tysdag.

Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix

Rune Inderøy

OPTIMISTISK: Kommunikasjonsdirektør Rune Inderøy ser fram til eit innhaldsrikt halvår for TV2. – Vi trur på store sjåartal.

Foto: Jon Bolstad / NRK

Stian Blipp var konferansier då TV 2 hadde si store haustlansering tysdag. Eit samla pressekorps, medarbeidarar og kjente ansikt var møtt fram på Ole Bull Scene for å sjå kva mediehuset kan by på det neste halve året.

På rekke og rad introduserte Blipp dei nye satsingane til TV 2.

– Målet er å framleis levere veldig god underhaldning i kombinasjon med nyhende og sport. Vi har lagt veldig mange ressursar inn i sendeskjemaet vårt, seier kommunikasjonsdirektør Rune Inderøy i TV 2.

– Tidenes halvår

Program som "Ingen grenser", "Sigrid blir mamma" og "Stjernene på slottet" er ein del av den nye satsinga, medan "The Voice" og "Farmen" held fram ein sesong til.

– Vi har ein fire-fem program som vi har veldig store forventningar til. Og no har vi bygd eit sendeskjema som eg trur skal gi oss mange sjåartal. Dette blir kanskje det mest interessante halvåret i TV2 sin historie, held Inderøy fram.

Frå før av er det godt kjent at kanalen har rettigheitane til dei olympiske leikane i Sotsji komande vinter, samstundes som den store satsinga på engelsk fotball held fram.

– NRK den største konkurrenten

Då TVNorge lanserte sine planar for hausten i 2013, slo dei seg på brystet og sa at dei kunne kjenne sveitten frå TV2-gruppa.

– Vi har ein stor konkurranse med NRK på eine sida, og så konkurrerer vi sjølvsagt med TV3 og TVNorge. Men det er viktig å få fram; det er to store tv- kanalar i Norge. NRK1 og hovudkanalen vår. Der ligg den største utfordringa for oss kvar einaste dag, svarar Inderøy.

Målet til TV2 i 2013 er å nå 20 prosent marknadsdel.

Skal rocka parketten

Eirik Søfteland

GLER SEG: Eirik Søfteland saman med sin dansepartnar Nadya Khamitskaya.

Foto: Jon Bolstad / NRK

I haust blir både fredag- og laurdagsunderhaldninga som før. "The Voice" skal kjempa om sjåarane på fredagskvelden, og det glamorøse showet "Skal vi danse" er klar for sin niande sesong på laurdagane.

Med ut på parketten denne gongen er tidlegare Idol-deltakar Eirik Søfteland frå Os i Bergen. Han skal dansa med Nadya Khamitskaya.

– Det blir ei heilt anna verd. I Idol gjorde eg noko eg kunne, her må eg læra alt frå byrjinga att, det blir veldig kjekt.

Nokre meiner kanskje rockaren frå Os burde halde seg på konsertscena framfor å svinge seg på parketten.

– Det å rocka kan eg gjera i gallaverden også! Det treng ikkje vere skitne pubar for at det skal vere rock `n` roll. Dette er midt i blinken for meg, eg er ein rockar og ein entertainer. Dette vert gøy, smiler Søfteland.

Ektepar konkurrerar

Mange heva nok augebryna då det vart kjent at tidlegare Frp-leiar Carl I. Hagen skulle i aksjon i "Skal vi danse".

- Først og fremst var det jo ei ære at dei ville ha med ein gammal gubbe som meg, ler Hagen.

Også kona Eli Hagen er med. Begge seier dei har kun fått positive tilbakemeldingar på at dei deltek i showet.

– Eg har fått hyggeleg ord frå Fabian Stang i Oslo. Og mange seier det er gøy og kult at vi gamle blir med. Eg ser på dette som ei god sjanse til å komme i god form og bli flink enno flinkare til å dansa, smiler Hagen.

Premieren på "Skal vi danse" er 14. september.

Eli Hagen, Skal vi danse
Foto: Marit Hommedal / NTB scanpix