Hopp til innhold

Tuva pakkar matkasser til familiar som treng det

Frivillige organisasjonar merkar eit større behov for hjelp før jul. Pandemi og høge straumrekningar blir peika på som ein del av forklaringa.

Tuva Kalstad, frivillig Førde Røde Kors

PAKKAR MATKASSER: Saman med andre frivillige pakkar Tuva Kalstad (20) i Førde Røde Kors matkasser til jul.

Foto: Torun Lucassen / Førde Røde Kors

– Eg synest det er veldig givande å kunne bidra, seier frivillig Tuva Kalstad (20) i Førde Røde Kors.

Saman med andre frivillige pakkar ho julekaker, chipsposar, pålegg, pinnekjøt og brus i kasser.

I alt 85 matkasser med gåvekort skal i år køyrast ut til barnefamiliar og einslege med trong økonomi som kan ha glede av litt ekstra til jul.

I Førde Røde Kors har dei delt ut matkasser i 11 år.

– Dessverre merkar vi eit aukande behov år for år. Trass i at vi lever i eit overflodssamfunn er det mange som fell utanfor, seier Bjørn Egil Sunde, som også er frivillig.

Også Røde Kors nasjonalt melder om eit auka behov for hjelp før jul.

Fleire som ikkje har råd til julemat

Permitteringar og oppseiingar under pandemien gjer at mange har fått dårlegare råd. Men også høge straumprisar har gjort det vanskelegare for dei som alt har det krevjande, seier Bernt G. Apeland, generalsekretær i Røde Kors.

– For dei fattigaste barnefamiliane vil ein auke i straumrekninga bety at dei må gjere vanskelege prioriteringar på eit budsjett som normalt ikkje går opp.

I ei undersøking Opinion har gjort for Røde Kors svarer 11 prosent at dei bekymra for om dei har råd til julemat. I fjor svarte 6 prosent det same.

Bjørn Egil Sunde i Førde Røde Kors

GIVANDE: – Dette er noko av det mest givande vi gjer i Røde Kors, seier frivillig Bjørn Egil Sunde.

Foto: Torun Lucassen / Førde Røde Kors

115.000 barn lever med låginntekt

– Dette er ei jul då det er ekstra viktig for mange å kome inn dørene hos Kirkens Bymisjon seier generalsekretær Adelheid Firing Hvambsal.

Som i fjor haust, advent og jul, ser Kirkens Bymisjon også i år nye ansikt som kjem til dei.

Organisasjonen har tilbod i 50 byar og tettstader. Her kan folk få mat og klede, julegåver og julemat til barna – eller nokon å vere saman med.

– Jula peiker på utfordringar samfunnet har stått i over lang tid, seier Hvambsal.

Alt før pandemien synte tal frå Statistisk sentralbyrå at 115.000 barn og unge veks opp i familiar med vedvarande låginntekt.

Mange har no hamna i krevjande situasjonar grunna pandemien. I tillegg gjer høge straumprisar at fleire strevar med rekningar, påpeiker generalsekretæren.

Generalsekretær i Kirkens Bymisjon, Adelheid Firing Hvambsal.

KAN RAMME ALLE: – Eg trur det som har skjedd etter pandemien er at mange har blitt bevisste på at sårbarheita kan ramme oss alle. Dette kan skje deg og meg, seier Adelheid Firing Hvambsal.

Foto: Kirkens Bymisjon

Samtidig er det også fleire som melder seg til Kirkens Bymisjon med eit ønske om å bidra som frivillig eller i form av gåver.

Folk ønsker å klare seg sjølv

Gjennom Frelsesarmeen fekk kring 15.000 husstandar i fjor hjelp til mat og gåver. Ingenting tyder på at det blir færre i år, fortel kommunikasjonssjef Geir Smith-Solevåg.

– Du har pandemien og etterverknader av det. Men mange andre ting treffer samtidig, matprisar, straumprisar, bensinprisar og renteauke, seier han.

I Førde er nokre som får matkasser arbeidsledige, andre har kanskje ei mor eller ein far som er sjuke. Uansett sit det langt inne for folk å be om hjelp, seier leiar i Førde Røde Kors Norvall Nøringset.

– Det folk skulle hatt er hjelp til å greie seg sjølv, for det er det dei ønsker alle saman.

Norvall Nøringset, Førde Røde Kors

STØRRE BEHOV:– Det kan vere straumprisar, økonomi og pandemi. Det er samansett – men dessverre aukar familiefattigdommen, seier Norvall Nøringset i Førde Røde Kors.

Foto: Brit Jorunn Svanes / NRK