Tusenvis tok turen for å sette til livs 1,5 tonn sild

FLORØ (NRK): For 27. gong samla det 350 meter lange sildebordet i Florø sentrum tusenvis.

Sildebordet i Florø sentrum, 27 gong i 2018

GODVÊR: Vêrmeldingane har vore så som så for fredagskvelden i Florø, men då silda kom på bordet kom også sola fram på himmelen.

Foto: Ole Heilevang / NRK

– Eg har fått med meg dei fleste rettane. Eg må prøva alle. Sild er jo kjempe godt, seier Steinar Vågene.

Han er ein av mange tusen som hadde tatt turen til sildebordet, og han har faktisk vore med kvar einaste gong sidan det starta i 1992.

Kommune-sild

På menyen stod det 1,5 tonn med sild i forskjellige variantar og all som møtte opp fekk eta seg mette – heilt gratis. Opp mot 1000 dugnadstimar har gått med til å organisera og

Sildebordet i Florø sentrum, 27 gong i 2018

TILBORDS: Silda gjekk ned på høgkant på langbordet.

Foto: Ole Heilevang / NRK

Kvart år vert det servert nye variantar av sild og i år hadde den eine sorten fått namnet til den nye kystkommunen beståande av Flora og Vågsøy–Kinn.

– I desse tider er det mykje snakk om kommunesamanslåing. Vi har jo også eit bryggeri som heiter Kinn så då laga vi Kinn silda som ein rett, seier kokken Tore Skarstein.

Kinn silda inneheldt blant anna øl frå Kinn bryggeri, blanda med majones, rømme, friske eple og fennikel.

Sildebordet er ein del av Himmel og Hav Kystfestival der også Kinnaspelet står på menyen i helga.

Sildebordet i Florø sentrum, 27 gong i 2018

Sjå fleire bilde frå Sildebordet.

Foto: Ole Heilevang / NRK