Hopp til innhold

Tusenvis står klare til å hjelpe

Påskeveka betyr ikkje berre storinnrykk i fjellet. Også Redningsselskapet spissar både øyre og auge når høgtida set inn.

Mobiliserer til påska.

STÅR KLARE: Frivillige redningstenester står klare om uhellet først skulle vere ute i påska.

Foto: Fotomontasje: Britt Fossøy/NRK

Påska er sjølve høgtida for å boltre seg i fjellet, men mange nyttar den også til å legge ut på årets første båttur.

Som til fjells, kan fallgruvene vere mange. Og ikkje berre veravhengige.

– Det er starten på båtsesongen, og ikkje alle hugsar på alt. Det kan gå tett i eit filter og noko kan ryke. For enkelte delar kan vere meir slite enn venta, åtvarar Martin Malkenes i Redningsselskapet Sogn og Fjordane.

Kvikk lunsj på sjøen

Martin Malkenes

LEIAR: Martin Malkenes.

Foto: Privat

– Det er mange som tek med seg appelsin og Kvikk Lunsj på sjøen i påska, legg Malkenes til.

For også Redningsselskapet merkar godt auka aktivitet påskeveka. Dei har ikkje eksakte tal for perioden, men skilnaden i tal oppdrag frå mars til april blir forklart med høgtida.

  • LES OGSÅ:

Redningsselskapet sin statistikk for Vest-, Sør- og Aust-Norge viser 707 oppdrag i april månad siste fire åra. Samla har 1.302 personar fått assistanse. I 2012 vart 91 oppdrag i mars til 379 oppdrag i april.

– Sjekk grundig

I år er det tidleg påske, og is i Oslofjorden, samt delvis i Østfold, Vestfold, Telemark og Agder, gjer at Redningsselskapet ventar noko mindre utfart her. Vestlandet er derimot isfritt.

For å unngå å bli del av statistikken, oppmodar Malkenes båteigarane om å gjere grundig og godt forarbeid.

– For mange er det årets første båttur, og då er det viktig å ha gjort unna førebuinga og sjekka at dei ulike delane som båten består av fungerer, seier han.

– Heilt frivillig

Både Redningsselskapet og Røde Kors Hjelpekorps er blant ni medlemer i Frivillige Organisasjoners Redningsfaglige Forum. Saman er dei engasjerte i den norske redningstenesta. Både hjelpekorpset og Norsk Folkehjelp står klare for å hjelpe til i påskefjellet.

I år er det 60 år sidan Norges Røde Kors etablerte sin første informasjonssentral på påskefjellet. Det skjedde på Golsfjellet i 1953.

I år vil til saman 723 aktive hjelpekorpsarar frå 160 lokale hjelpekorps i 16 distrikt, vere på vakt.

– Mange trur at dei frivillige får lønn, spesielt når dei er i hjelpekorpsuniform, men slik er det ikkje. Alle som er på vakt i påska nyttar si eiga fritid for å vere til stades for andre, seier Stian Antonsen, distriktsrådsleiar i Sogn og Fjordane Hjelpekorps.

– Mest hektiske tida

Røde Kors Hjelpekorps har særskilt lokalisert seg til dei mest travle utfartsstadane i samband med ski- og fjellområde. I tillegg står nær 12.000 frivillige hjelpekorpsarar klare om noko skulle skje.

Påskeveka plar vere den mest hektiske perioden for Røde Kors Hjelpekorps. Folk går seg vekk, blir overraska av dårleg vêr, blir tekne av snøskred eller kan skade seg.

– Årleg nasjonale tal aksjonar har sidan 2009 vore på over 950. Kring 200 av desse er i løpet av påska, avsluttar Antonsen.