Turistnæringa kritisk til beredskap

Turistnæringa reagerer kraftig på kutt i ambulanseredskapen i sommar.

Skei Hotell
Foto: Arild Nybø / NRK

I fem veker blir kommunane Jølster og Aurland utan ambulanse, grunna mangel på kvalifiserte arbeidarar.

Reiselivssjef Noralv Distad i Aurland kommune seier at behovet for ein stasjonert ambulanse i sommarmånadane er stort.

– Opp gjennom åra har vi opplevd forskjellige episodar der det har vore avgjerande at vi har fått hjelp veldig fort, fortel han.

Høgsesong

Sommar er høgsesong for hotellnæringa, med storinnrykk av turistar.

Grunna at så mange av dei er busslaster med eldre pensjonistar, oppstår det kvar sommar situasjonar der hotellpersonalet må ringe etter ambulanse, fortel Unn Skrede ved Skei Hotell.

– Vi ser veldig alvorleg på det at ventetida for å få tak i hjelp blir lenger, seier ho.

Eksplosjon

Reiselivssjef i Aurland kommune, Noralv Distad, er samd med Skrede.

– Det er ein eksplosjon i tal personar her når turistsesongen er på topp, og då må alt fungere, seier han.

I høgsesongen besøker 10.000-15.000 turistar kommunen dagleg, og då blir det uhaldbart å ha ein så svekka ambulanseberedskap, meiner Distad.

– Vi forstår ikkje korleis dei kan kome på noko slikt.

Hjartestans

Unn Skrede har sjølv opplevd at ein ambulanse i nærleikan har redda livet til hotellgjestar. Mellom anna hugsar ho ei hending for to år sidan, då ein engelsk gjest fekk hjartestans.

– Eg trur det gikk 3-4 minutt før ein dansk lege kom springande inn i resepsjonen. Turisten vart sendt med helikopter til Haukeland, og livet hans vart redda, fortel Skrede.

– Vi fekk tilbakemelding om at dersom ikkje hjelpa hadde kome så kjapt, hadde han døydd.

Krav frå kommunestyret

Kommunestyret i Aurland meiner det er uaktseptabelt at Helse Førde har fastsett at kommunen skal vere utan stasjonert ambulanse i sommar, det bestemte dei på kommunestyremøtet torsdag.

Kommunen krev at dagambulansen blir stasjonert i Aurland kommune frå 08.00 til 20.00 i ferietida.

Ambulansesjåførar

Ambulansesjåførar NRK Sogn og Fjordane har vore i kontakt med, er óg kritiske til situasjonen. Dei fortel at dei kvar sommar har mange utrykningar i samband med turistsesongen.